1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Med tidenes beste Smashing-værmelding var forventningane høge før lørdagskvelden; telt og bord var på plass, scenen var pynta, artistane klare og dugnadsfolk pilte rundt som flittige maur.

Med 230 gjester blei det fort høg stemning rundt langborda, og då 3 Busserulls entra scenen blei det både allsong og dans. Publikum sette tydeleg pris på Busserull-hitane som kom på løpande band..

Etter at 3 Busserulls hadde forlete Smashing-scena var det FYK frå Imsland sin tur. Ungdommane leverte to forrykande sett til stor jubel frå publikum på skuleplassen!

Folk kosa seg i den flotte sommarkvelden med god musikk og god mat og drikke. Som vanleg består Smashing-menyen av skikkeleg, heimelaga rettar. I år var det, og tradisjonen tru, grilling av marinert lam og laks i utresmør, heimelaga lakseburger og hamburger, med heimelaga potetsalat og salat som tilbehør.

Smashing Jøsneset er ikkje berre eit triveleg sommararrangement i Solbygda, det er ei viktig inntektskjelde som skal finansiera vedlikehald og drift av bygg og uteområde samt trivselstiltak for folk i bygda gjennom heile året.

Telta var ikkje tørre etter Smashing 2018 før komiteen var i gang med å planlegga årets konsert. Utallige timar har gått med til å booka artistar, skaffa sponsormidlar, ordna lyd, mat og drikke, vakter..... lista er laaang! Då er det godt å få fornøgde artistar og publikum og et økonomisk overskot som løn for strevet.

TUSEN TAKK til sponsorar, frivillige, artistar og publikum for ein SMASHING kveld!!

 

FaceBook
Facebook