1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Jøsneset Bygdaråd har følgjande melding:

Dessverre har vi hatt besøk av «ubudne» gjester på skulen. Det er putta tynne trepinnar inn i dørlåsane inn til Trivselstova og gym.salen. Låsen til Trivselstova har ein nå greidd å fikse, men den inn til gym.salen er øydelagt. Den må kjøpast ny, noko som vil koste opp mot 2000 kr.

«Gjestene» har og komme seg inn i barnehagen gjennom døra inn til småskulerommet, og derfrå inn i barnehagen. Der hadde dei gått ut gjennom døra på baksida ved å låse seg ut innafrå. Denne døra stod nå open. Det einaste positive her var at vi har ikkje funne at det er gjort skade på noko der.

Måten hærverket er gjort på, tyder på at det er «yngre» personar som har utført dette, og mykje tyder og på at det er utført i vinterferien. Det er då observert at nokre «halvstore» born oppheldt seg der ein del, sjølv om vi ikkje utan vidare kan seie det er dei som har utført dette.

Hærverket vil ikkje bli anmeldt i denne omgang, men vi ber foreldre ta opp denne saka med borna sine. Aller helst ønskjer vi at dei «skyldige» kjem og gjer opp for seg.

Ein ting som er heilt sikkert, er at vi ikkje kan godta at det skjer slike ting fleire gonger utan at det blir anmeldt.

 JØSNESET BYGDARÅD

FaceBook
Facebook