1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Jippi - me på Jøsneset er stolte av å kunne inviterte til HARDHAUSEN for 10.gong !! Dette er blitt ein flott tradisjon, og folk har vandra i fjellheimen vår i strålande sol, silande regn, snødekt terreng, tørre bakkar, grauttjukk tåke og lavt skydekke - Men same korleis været og forholda har vore: deltakarane har vore imponerande smilande og glade ved målgang - Det viser at at naturen, sosialt lag og fysisk aktiivitet gjer noko positivt godt med oss menneske!   Derfor er me stolte av å kunne ønskje velkommen til HARDHAUSEN for 10.gong - 20.mai  2018 !!

I år blir det derfor òg kakefest ved gapahuken ved Fosstemmen etter endt målgang - Og premiering. Ekstra utfordring til dei 5 som har deltatt 9 år på rad.........klarer dei å delta for 10.gong på rad,?... ja då vankar det ein 10-års-premie !
Årets Hardhaus og årets 3-nuts-vinnar blir òg i år kåra på loddtrekking i staden for idealtid.  Alle stiller likt uansett tempo, magemål og alderwinkdet er ikkje om å gjere å gå fortast - men få ei god oppleving !!  Det er òg premiar for 1.gongsdeltakar og 5.årsdeltakar. 

Forholda i heia er bortimot perfekte !! Snøen har smelta.  Det er våte partier, sjølvsagt, men hovudsakleg er det tørt og fint og lite vegetasjon.  Ha likevel gode sko !

Dette er hjarta på Jøsneset - Fosstemmen 380 moh. Her ligg gapahuken der påmelding/start finn stad mellom 8.30 - 10.00 søndag 20.mai - 1.pinsedag.
Her er sekretariatet på plass heile dagen og me tenner bål og lager til grillplass og det er kanoar i vatnet og fin strand til å bade frå + naturquiss for barn .  Og kl 15.00 blir det altså felles feiring og premiering !  

Også i år ønskjer me at deltakarane går opp til start ved Fosstemmen, slik at me unngår bilkjøring opp på skogsvegen langs beitemarkene . Skogsvegen opp hit er kjørbar; men er bratt og smal  ikkje berekna for bilkjøring, og det er ikkje parkering oppover. Av tryggleiksgrunnar er det difor best at bilane blir parkert på Foss. Me ønskjer òg å ha skogsvegen open for evt RødeKors sin beredskapsbil.
Lettast er å gå frå Åsland til Fosstemmen på merka sti, eller god/bratt skogsveg frå Foss. Turen til start vil jo då forlenge og forsterke prestasjonen - men er ein Hardhaus, så er ein Hardhaus wink

PARKERING FOSS: på plass v/start skogsveg, eller ut langs landbruksveg mot det store sauefjoset til Sven Westersjø
PARKERING ÅSLAND: på offentleg p-plass v/start heilt oppe på Åsland, eller på vedlagringsplass litt lengre nede i bakken. plass til mange bilar her

ALTERNATIV START FRÅ ÅSLAND  NB : gjeld dei som veit de skal gå Hardhausen, altså alle 4 toppar:
E
in MÅ ikkje via Fosstemmen for påmelding.   På Åsland vil de finne eit skilt med info på. Send ein SMS til arrangør 97 00 76 36 Svanhild frå Åsland om NÅR du går og KVEN du er, så veit me at du er ute i løypa.
Då kan du følgje merka sti direkte opp til Norda Høgaste, og deretter den vanlege Hardhaus-løypa vidare. Denne alternative starten er på ingen måte letttare, for stien går rett opp med god stigning heile vegen, men ein sparer noko distanse. Betaling skjer då ved målgang Fosstemmen.



3-NUTS-TUR: Gunlanuten 829 moh Røssenibben 718 moh og Valafjellet 713 moh
HARDHAUSEN: dei 3-nutane + Norda Høgaste på Herefjellet 690 moh 

Kartet under viser den normale løypa - Det er lov å gå kor du vil - du treng ikkje følgje løypa - men dei trasèane som er vist på kartet her er godt merka i terrenget med røde merker og skilt.  Den grå linja er god skogsveg - resten er sti.  Kartet er kun eit oversiktskart.
Alle kan få utdelt dette kartet ved start; også med påtegna umerka snarvegar og kontaktinfo til arrangør +Røde Kors.

Det blir NØTTE- OG SAFTSTASJON ved Gunlabu, DVs i stikrysset mellom Gunlanuten og Røssenibben.

Påmelding ved Fosstemmen kl 8.30 - 10.00

Deltakaravgift er:

150 kr pr pers medlem

200 kr pr pers (ikkje medlem

50kr barn 1-10klasse

300 kr pr familie 

 

KORLEIS KOME SEG TIL JØSNESET??
Frå Stavanger: ta Tauferja - kjør RV13 til Hjelmeland. Ferje over til Nesvik. Sving av til venstre mot Skiftun og deretter til høgre til Foss. Ca 2,5 km frå ferjekaien. Frå Suldal: kjør RV13 til Nesvik, sving av mot høgre til Skiftun og deretter til høgre til Foss

Du kan òg starte turen frå Åsland: kjør då frå Nesvik ca 3km, sving mot høgre til Åsland, følg vegen heilt til endes.

kart over halvøya Jøsneset. Startpunktet Fosstemmen 380 moh er vist med rød markør. Merka løype frå Foss og Åsland.

Toppane ligg i dei kvite/høge områda rundt startområdet. Du har utsikt mot tre fjordar; så kvar topp har flott utsikt å by på.

KLIKK PÅ KARTET UNDER, SÅ KJEM DU INN I GOOGLE-KARTET:

Følg med - følg med!!
Gå inn og lik Jøsneset på Facebook og følg med på hendinga HARDHAUSEN2018 på Facebook . Her kjem det kart, foto og info fortløpande.

Set av 1. pinsedag !!

Arr: Nasjonalforeningen for folkehelse Jøsneset Helselag

 

FaceBook
Facebook