1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Kulturkontoret i Hjelmeland kommune kjører òg i år Kodejakta !  Gunlanuten er eitt av 10 turmål som det er lagt ut kodar på. Koden på Gunlanuten finn du ved sida av Jøsneset Helselag sin turpostkasse som heng på varden på toppen av Gunlanuten, 829 moh. Gunlanuten er òg sentral i arrangementet HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR, så ta turen hit 1.pinsedag - 20.mai !!

Turen til Gunlanuten kan gå både frå Foss og Åsland. Går du frå Foss kan du følgje god skogsveg heilt til Skiftustølvatnet, 500 moh, deretter sti. Du kan òg velje å gå gamlestien som tar av frå skogsvegen ca 1 km oppe i Fossbakkane , rett før brua v/Orva.  Ruta frå Åsland er litt lengre, men startar 100 m høgare i terrenget, så du sparer litt stigning. Ruta frå Åsland går på sti heile vegen med unntak av den første halve km.

Rutene frå Foss og Åsland møtes ved Skiftustølvatnet. Der er det godt merka sti forbi tregrensa og opp i den lettlege heia opp mot Gunlanuten. Gunlanuten er høgaste topp på Jøsneshalvøya, og ligg omkransa av tre fjordar, så her er lettlig og flott utsikt

Jøsneset Helselag har òg turpostkasse på Gunlanuten ! Og her finn du koden !

FaceBook
Facebook