1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Koden på Gunlanuten er nå tatt ned, og årets Kodejakt er over.  Alle som har sendt inn kodejaktskjema er med i trekning på fine premiar. Premieringa vil skje onsdag 10 okt kl 19.00 på eit arrangement på Sanitas i Årdal.  Og det er sjølvaste "turkongen" LARS MONSEN som delar ut premiane. Så møt opp!

Ellers så held turpostkassen trufast ut der oppe på Gunlanuten, og turboka til Helselaget ligg der som før.  I år har det vore rekordbesøk, ca 670 stk hittil pr 7. okt.   Det store besøkstalet er nok både takka rekordstor deltaking på Hardhausen, Kodejakt-konkurransen, men sikkert òg det fantastisk fine sommarværet  2018.  Som skapt for toppturar !! Heia ligg nå  haustkledd og fin, stien er godt merka og det er berre å ta skoa fatt og besøke Nuten utover hausten.   Jøsneset har eit rikt nett med merka turstiar, og det er 10 turpostar med bøker i - så finn fram skoa og ta turen

På Valafjellet er det òg turbok.   Valafjellet er ein kortare tur enn Gunlanuten, men utsikten der oppe er òg veldig flott. Ein kjem litt nærare fjordbassenget i sør; ope og fritt.  Stien er godt merka frå "hovudløypa" til Gunlanuten.   På Valafjellet har det vore 169 besøkande - så denne perla er ikkje så kjent som storesøster Gunlanuten......men absolutt verdt eit besøk !!

 

Ein kan òg ta Valafjellet som ein rundtur, ned på sørsida på UMERKA (tidvis utydeleg)  sti,.....relativt bratt enkelte stader, men òg flotte utsiktspunkt på ruta !

 

God tur.

 


Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada

FaceBook
Facebook