1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Turåret 2018 ebbar ut, og det er på tide å bytte ut turbøkene. Søndag 30 januar 2018 var bittelitt for tidleg, for det gjenstod enda ein turdag av "det gamle året". Men været denne dagen var såå flott, at ein kunne nytte høvet med å få bytte ut ein del av bøkene på dei høgaste toppane. Så nå har både Røssenibben, Valafjellet, Norda Høgaste og Tausanibba fått 2019-turbøkene på plass allerede.  Bildet her er frå Røssenibben. Det er snøfritt men litt rim og is i terrenget gjorde at det var ein del glatte parti, men lett og hardt og fint å gå.

Ein forunderleg flott dag i heia i dag. I løpet av 2018 har 159 stk vore oppe på Røssenibben, derav 120 stk på ein dag, nemleg 20 mai under Hardhausen-arrangementet. Det var jo ein fantastisk strålande dag å besøke Røssenibben.   I 2018 blei ny bok lagt ut i midten av februar på godt skiføre.  Foreløpig er heia snøfri.

Sol over Røssenibben den 30 jan 2018.

 

Neste turbok som blei bytta ut var på VALAFJELLET.  Der har det vore 173 besøkande ila året, også her var mesteparten av besøket den 20.mai under Hardhausen.  Valafjellet ligg 713 moh og er flott å besøke, med utsikt rett ned i fjorden ! 

Herefjellet hadde òg besøk i dag på denne flotte, nesten siste dagen i 2018.  Også her: snøfritt !!

I boka på Norda Høgaste er det 287 stk som har skrive seg inn ila 2018...... seinare på dagen fekk me melding om at 2 stk til hadde vore oppe same dagen, så altså pluss 2 i 2018....sjølv om dei skreiv seg inn i 2019 boka.   Norda Høgaste er òg del av Hardhaus-nettverket, så òg her var mesteparten av besøket den 20.mai.  NB: Stadnamnskiltet som det står NORDA HØGASTE på har forsvunnet?  ...skiltet stod på pålen ved turpostkassen, men er nå borte, og var heller ikkje å sjå i terrenget rundt.  Kanskje det er avblåst? Dersom nokon finn det, meld frå, eller fest det opp igjen.

Turen til Norda Høgaste kan eksempelvis gå via Asheimstemmen !! Godt valg! Flott plass !

Turboka på TAUSANIBBA blei òg bytta ut i dag.  Her var det litt færre som hadde vore på besøk enn Norda Høgaste, DVs 184 besøkande (også her kom det 2 besøkande til litt seinare på dagen)!  Tausanibba er ein av toppane ein må besøke under Hardhausen, men ligg "midt i ruta" mellom Åsland og Norda Høgaste. Tausanibba ligg på 500 moh, og er ein av dei flottaste utsiktsplassene på Jøsneset. Vel verdt dei bratte Bakkane opp frå Åsland. Ta turen i 2019 !!

 

Jøsneset har 10 turpostbøker. Alle vil bli bytta ut nå ila dei næraste dagane rundt nyttår.

 

Foto: Røssenibb og Valafjellet: Svanhild Hjorteland Gbada
Foto: Tausanibba og Norda Høgaste: Lene Hjorteland.

 

 

 

FaceBook
Facebook