1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Årets aller siste dag blei litt gråare og våtare enn den nest-siste.  Fleire turbøker er bytta ut.  Både Gunlanuten og Høgafjell stod for tur i dag:



På GUNLANUTEN har det vore rekordbesøk i år ! Aldri tidlegare har det vel vore så mange som 597 besøkande ! Dette er jo toppen på Jøsneset, og blir rekna som ein tung/lang tur om ein går heilt frå Foss eller Åsland. Gunlanuten var i sommar kodejaktpost, og det, kombinert med Hardhausen og det flotte sommarværet, er nok årsaken til det store besøkstalet. Boka blei bytta ut i ruskevær og vind, og ein kunne konstatere at stadnamnskiltet på toppen har løsna frå stolpen sin. Men skiltet ligg i varden, og kan monterast igjen ;.)

Også HØGAFJELL i Knutsvik har vore turpost igjen i år. Her har det vore 136 besøkande + ein del som kanskje kun har skrive seg i "hytteboka" (ei permanent  besøksbok som Øygarden hyttefelt har i postkassen her). Uansett: hyttefolket er dei desidert flinkaste til å besøke Høgafjell, men ein del fastbuande har òg funne vegen ila året. Dette er ein utruleg vakker turpost, med nydeleg utsikt vestover Nedstrandsfjorden. Den siste dagen i 2018 låg skyene lågt, og sikten var begrensa. Men likevel ein finfin tur, så om du ikkje har vore her, bør det vere målet for 2019 !!

 

FaceBook
Facebook