1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag inviterar til fellestur til Foss-stemmen på Jøsneset søndag 19. januar frå Kl 12.00 – 15.00. Turen startar ved Foss kl 12.00.

Turen opp til Foss-stemmen går ein i lag med kjendtfolk frå Jøsneset og me kjem til å følga skogsvegen oppover. Turen startar på p-plass på Foss på ca 90 moh, og Fosstemmen ligg på 380 moh.  Det er nokre bratte kleiver, men turen går på god skogsveg. Gangtid opp til Foss-stemmen er om lag 1 time, snautt 3 km. Ved Foss-stemmen ligg bygdas gapahuk. Her har me både bålpanne og kanoar til allmenn bruk. Det er fleire merka stiar til Foss-stemmen, men denne gangen går me i fellesskap frå Foss.

Når folk kjem opp til Foss-stemmen blir det servert ei enkel suppe, samt kaffe og saft.
Send gjerne ein SMS til 92 46 36 75 om du blir med, men påmelding er ikkje påkrevd.

Turen er ein av 10 turpostar som helselaget driftar på Jøsneset.

Her kan du òg finne turkart og fleire turtips på Jøsneset

 

Turen er arrangert av:

FaceBook
Facebook