1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Me på Jøsneset inviterar til HARDHAUSEN for 12.gong - Som vanleg skjer dette 1.pinsedag, dvs søndag 31.mai 2020.   Dette er blitt ein flott tradisjon, og folk har vandra i fjellheimen vår i .....

....strålande sol, silande regn, snødekt terreng, tørre bakkar, grauttjukk tåke og lavt skydekke - Men same korleis været og forholda har vore: deltakarane har vore imponerande smilande og glade ved målgang - Det viser at at naturen, sosialt lag og fysisk aktiivitet gjer noko positivt godt med oss menneske!   

 

Start blir både frå Åsland (for dei som vil gå alle 4 nutane) og ved Fosstemmen. 

Ved Fosstemmen (vannet på bildet) har sekretariatet base heile dagen, med fyr på grillen, kaffe og knask, kano i vatnet mm

3-NUTS-TUR: Gunlanuten 829 moh Røssenibben 718 moh og Valafjellet 713 moh 
HARDHAUSEN: dei 3-nutane + Norda Høgaste på Herefjellet 690 moh 

Kartet under viser den normale løypa - Det er lov å gå kor du vil - du treng ikkje følgje løypa - men dei trasèane som er vist på kartet her er godt merka i terrenget med røde merker og skilt.  Den grå linja er god skogsveg - resten er sti.  Kartet er kun eit oversiktskart.
Alle kan få utdelt dette kartet ved start; også med påtegna umerka snarvegar og kontaktinfo til arrangør +Røde Kors.

Det blir NØTTE- OG SAFTSTASJON ved Gunlabu, DVs i stikrysset mellom Gunlanuten og Røssenibben.

 


MEIR INFO OM ARRANGEMENTET KJEM - SET AV DATOEN NÅ !! 

 

KORLEIS KOME SEG TIL JØSNESET?? 

Frå Stavanger: nytt av året : gløym Tauferja - kjør Ryfast :-)

Kjør vidare inn til Hjelmeland og ta ferja over til Nesvik. Sving av til venstre mot Skiftun og deretter til høgre til Foss. Ca 2,5 km frå ferjekaien.

 

Frå Suldal: kjør RV13 til Nesvik, sving av mot høgre til Skiftun og deretter til høgre til Foss


Du kan òg starte toppturen frå Åsland: kjør då frå Nesvik ca 3km, sving mot høgre til Åsland, følg vegen heilt til endes.

kart over halvøya Jøsneset. Startpunktet Fosstemmen 380 moh er vist med rød markør. Merka løype frå Foss og Åsland.

Toppane ligg i dei kvite/høge områda rundt startområdet. Du har utsikt mot tre fjordar; så kvar topp har flott utsikt å by på.

KLIKK PÅ KARTET UNDER, SÅ KJEM DU INN I GOOGLE-KARTET:


Gå inn og lik Jøsneset på Facebook og følg med på hendinga HARDHAUSEN2020 på Facebook . Her kjem det kart, foto og info fortløpande.

Set av 1. pinsedag !!

Arr: Nasjonalforeningen for folkehelse Jøsneset Helselag

FaceBook
Facebook