1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Ein gla'nyhet for alle som har engasjert seg i mysteriet den forsvunne Bobby Bøen.. Han er no funnen og kome attende til sin familie på BøenSmile 

Etter to månadar "på rømmen" der han sporadisk er observert av fleire på Fosså, Foss og Åsland, men aldri sett av eigarane.. klarte han ikkje tilhøva på rømmen meir, og overga seg i dag.

Han vart til slutt fanga på Åsland, og eigar Silje Sværen kunne komme og konstatere at det var rett katt. Tenkjer det vart glede i heimen, då dei to jentene på Bøen kunne ynskje Bobby velkommen heim att. Gleda var kanskje ikkje fullt så stor for Bobby, då han enda direkte under kniven. No er det slutt på dei dar.. Bobby - du har vår fulle sympati og forståelse der for at du rømte, du visste nok kva som komFrown 

Vel, trøysta er jo at kanskje eigarane no får sjå meir til Bobby, når han ikkje lenger kan ut og springja etter dameneLaughing

PS frå "nett-redaktøren" i Skiftudalen:
Moralen i historia er:
er du pusen til ein dyrlege, så unngå to månader på raggedeisen.......det kan koste deg dyrbart utstyrKiss

Og PPS: "medredaktøren" er tilfeldigvis NABO av dyrlegen og tilfeldigvis òg eigar av pusen Felix Ladberget, som ÒG har vore kraftig på raggedeisen denne vinteren.......straffa ventar deg òg pusemann!!

Men Bobby og Felix har sannsynlegvis alt rukke å sikra katta-veksten i bøgdå.....det var jo folkevekst me skulle ha,då men......noko for Bygdarådet denne ubalansen her.

Denne historia er vel òg bevis for at slagordet www.josneset.no - Nettsida der ingen sak er for liten" faktisk stemmer på ein prikkTongue out

Eit "PPPS" frå nettredaktøren på Åsland.. Dagen etter han vart funnen, var jammen an Bobby å sjå på rømmen på Åsland att.. ein slik velkomst sette han tydelegvis ikkje pris på..

FaceBook
Facebook