1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

På Jøsneset er det Bedehuset som er vallokale, og på valdagen 12 september, sat røystestyret klar til å ta imot stemmesedlar frå bygdafolket.

I vallokalet blei me møtt av dette blide røystestyret, som består av Elbjørg Tednes, Olga Hjorteland og Rasin Tjeltveit, som både kvar for seg og saman har lang erfaring med dette samfunnsnyttige arbeidet.

På Jøsneset er det totalt 101 røysteføre personar. Dette er òg inkludert ein del bortebuande ungdom.  Røystestyret har ikkje lov til å gå ut med deltakingsprosenten i Jøsnes-krinsen, men kunne melde om nokså "normal trafikk" i vallokalet (kva nå det betyrWink). Vallokalet var ope frå 14.00 - 20.00, og med så få røysteføre personar, så vart det sjeldan kødanning.

Valstyret består jo av "godt innbarka" Jøsnesbuar, og desse kjenner alle som bur i bygda. Dei kunne difor fortelje at det sjeldan og aldri er tvil om identiteten til dei røysteføre, slik det nok kan vere litt arbeid med i store vallokale i byane.  Men det er viktig å halde styr på manntallista, og krysse av for alle som har avgitt si røyst og stemple alle sedlar. Røystestyret er der for å sjekke at alt går rett og riktig for seg, og kan òg rettleie folk i forhold til bruk av røystesetlane.

Etter at vallokalet stenger kl 20, så klipsar dei av låsen på valurna og tel opp alle røystesedlane både til fylkesting- og kommunestyret, og sjekkar at dette stemmer med manntallet. Røystesedlane blir deretter frakta til Nesvik, der ekstrabåt fraktar dei verdifulle stemmane over til tellekorpset i kommunehuset på Hjelmeland. Litt utpå natta plar resultata for kommunen vere klar.


Røystestyret kan fortelje at me har ei svært gammal val-urne i bygda.....årstalet på den er ukjendt, men dei hevdar den er uvanleg gammal. Og det ber den preg av; den er både teipa, oppskrapa og "falma" - men flott at den enda kan gjere denne viktige tenesta!  Om nokon tilfeldigvis veit kor gammal valurna er så meld frå til oss Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.,

 

 

 

 


I skrivande stund mandagkveld er røystesedlane inne til opp-teljing, og nå er me spendte på om nokon av JØSNESKANDIDATANE fekk plass i kommunestyret. Dette får du nok vite på Hjelmeland kommune si heimeside så snart oppteljinga er ferdig.

---------------------------------

Elles så var det òg soknerådval same dagen, og i same lokalet på bedehuset.

Trygve Brandal og Johanne Bog, som utgjorde røystestyret for dette lokalt, hadde funne seg plass bakerst i bedehussalen. Dei kunne fortelje at dette er andre gongen slikt val blir avvikla same dag som valdagen, for før blei dette valet utført i kyrkjene. Dei kunne òg fortelje at denne endringa har medført større valdeltaking. Når det gjeld soknerådsval, så kan alle personar ver 15 år som er medlem i statskyrkja velje her. Til forskjell frå kommunevalet, kan ein òg her stryke kandidatar. Ein kunne òg stemme til det regionale bisperådet.

FaceBook
Facebook