1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Helselaget tar for tida ei ringerunde til alle som har "adoptert" ein tursti, for å høyre om det trengs fleire skilt, merkepinnar eller maling. Vi oppdagar jo av og til at vær, vind og hjort? slit på merking og skilt. Det er tydeligvis nokre hjortar eller kanskje "Elghild" som har oppdaga at pålar med skilt på fjellet bl.a. er utruuuligt gode kløpinnar.. Undecided Dermed er det nokre velta/brekte pålar rundt omkring.

Dersom nokre av dei ivrige turgjengarane på Jøsneset har oppdaga manglar, rydding som må gjerast, tre over stien som må sagast vekk eller liknande, er det flott hvis de gir beskjed til Jorunn på tlf 99638803. Helst innan 1. juni, då sender vi inn oppsamla bestilling på skilt m.m. Men de kan sjølvsagt gi beskjed heile året, vi set pris på tilbakemelding!

OBS- i løpet av sommaren vil det bli ei omlegging av merka løype frå Morkabrunå-Morkjå-Døvikdalen-Høgafjell, så følg med på ny merking der.

Ha ein koseleg sommar med mange gode turar på dei flotte turstiane våre!

Helselaget

FaceBook
Facebook