1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Historia frå i fjor gjentok seg. Eiane-gjengen møtte Skiftu-gjengen i ein regnvåt volleyball-finale, og igjen var det Skiftugjengen som gjekk av med seieren! Heile 11 lag stilde til start i Skiftudal Open, og det var god innsats, bra publikumframmøte, super kafè og god stemning. Les alt om laga, resulatat og premieringa her.


Kl 12 stod poengtavla på 0-0 og flotte premiar venta på kjempande lag.


Publikum strøymde til og musikken dunka høgt. Alt klart for årets SkiftudalOpen2011.


Ein flott volley-kafè i Trivselstova med masse gode kaker, boller, frukt, brus og kaffe.

1.plass til Skiftun City !!!

Sølv til Eiane Eagle !!!


3.plass til Playa del Flamenco
(to av spelarane var gått då premien blei delt ut)


Lene på laget Villminkane blei kåra til årets MVP: most valuable player!!

 

PRESENTASJON AV LAGA I DEN REKKEFØLGJA DEI HAMNA PÅ RESULTATLISTA:


1. PLASS SKIFTUN CITY:
Laget bestod av tre stk Loland-Råheim-karar som ferierar i Skiftudalen og som både spelar og trenar volleyball dagleg både på ToppVolley på Sand og på lag i Stavanger, så kanskje ingen overrasking at desse gjekk av med seiren igjenWink. Med seg hadde dei ei ekte innfødd Skiftudal-dame Anne Hjorteland; som gjorde ein flott innsats på laget. Ingen tvil om at denne gjengen har god ballkontroll, og 1.plass var fortjent etter å ha vunne alle kampane undervegs.


2. PLASS: EIANE EAGLE bestod av to ekta Eiane-karar, og ei Eiane-ferierande-hytte-dame. Også denne gjengen hadde innslag frå ToppVolley, og er drevne innan volleyballkunsten. Dei "har det i fingrane" for òg dei seila gjennom turneringar med berre seirar, heilt til de måtte sjå seg slått i finalekampen. Finalekampen var ikkje fullt så jamn som den var i fjor, då dei to (nesten) same laga òg møttes. I år låg Eiane Eagle under med eit par poeng gjennom heile kampen; sjølv om dei hadde iherdige forsøk på å plukke opp poenga med flott blokking og harde smasjar, så blei det igjen sølv-plass til EianeEagle.



3.PLASS: PLAYA DEL FLAMENCO:
laget bestod m.a. av arrangørane sjølv; Ola og Jarle + to Hedlebrekk-ferierande spelarar frå sørsida av fjorden.  Dei gjorde det bra underveg i heile gruppespelet, og enda til slutt i bronsefinalen mot Ulla IL, og dette var ein svært jamn og spanande kamp der poenga fulgte jamnt opp mot 25 - Playa del Flamenco gjekk av med seiren til slutt.

 


4.PLASS: ULLA IL:
laget bestod av to Jøsenfjordkarar + ei dame frå Sand. Òg dette var folk som utan tvil har volleyball  "i fingrane" og som beit frå seg knallhard under heile turneringa. Bronsefinalen var jamn og god, men til slutt hamna gjengen på den litt "snødne" 4.plassen


5.PLASS: VILLMINKANE:
desse ville minkane var ikkje heilt tamme, nei, og ikkje til å spøke med. Dei beit frå seg som berre det. Laget bestod av to Jøsnesbuar og ein Ombobu, noko som såg ut til å vere ein god kombinasjon. Lene blei kåra til årets MVP=most valuable player, m.a. fordi ho stilde opp og gjorde det mogleg for Villminkane å delta.


6.PLASS: MANDIUS OG BUCH:
dette var eit reint Nesvik-ferierande lag, som etter at lagbildet blei tatt òg fekk med seg den innfødde (men nå Oslobuande) Einar Nesvik på laget. Dette laget møtte òg i fjor. I år møtte dei Villminkane i kampen om 5.plassen og det enda med tap, og dermed 6.plass.


7.PLASS: MICHAELSEN TRIO
: Laget var eit familielag og reint Knutsvik-ferierande lag som hadde turneringas yngste deltakar med seg:  Tormod på 11. Dette var gutten som hadde dreisen på sikre sørvar, gode mottak og kjappe opplegg. Dette er nok ein kar me kjem til å sjå meir til på volleyballbanar i framtida !!  Saman med dei to vaksne gjorde han og laget ein super innsats i turneringa.


8.PLASS: JAN OVE & FJORDABUEN : lag frå to av våre nabobygder; ein frå Erfjord og resten frå Jøsenfjorden. Dei kjempa om 7.plassen mot Michaelsen Trio, men det enda i tap, og difor blei det 8.plass til slutt.


9. PLASS : SMASHING FRUITS:
Dette var ungdoms-laget med lågast gjennomsnittsalder og eit breitt samasett lag med folk både frå Frøya, Jøsneset, Hjelmeland og Vormeldalen (Terje var ikkje til stades då lagbildet blei tatt). Denne gjengen er nok mest familiær med fotball, for det blei mange tap. Men i kampen om 9.plassen mot Old Brandy drog de til og viste at dei unge trass alt er best, og sikra dermed 9.plassen.



10. PLASS: OLD BRANDY:
Dette var laget med høgast gjennomsnittsalder, lågast kondisfaktor, minst treningsinnsats og ikkje minst: einaste "reine" Jøsnes-lagSmile. Målet frå starten var å klare gjennomføre alle kampane, og målet blei nådd. At dei òg klarte å vise at Old Brandy kan bite hardare enn Villminkar var vel den største bragda denne dagenWink. Men nest-siste plass er slettes ikkje værst.

 



11. PLASS: HAGAHAUGEN: dette var laget med den desidert yngste og ivrigaste og supportergjengen; så ivrige at enkelte av dei òg stilde på lagbildet.  Laget var eit reint Hjelmelandsferierande lag som var prega av godt humør og breie smil. God supporterinnsats til trass; laget endte på den viktige sisteplassen Tongue out

 



ALLE FOTO: Lene Kaldheim og Svanhild Hjorteland Gbada.

 

Flott arrangement, mange blide og spreke folk, gode kaker og spennande kampar. Joda, nok ein suksess for EJ EVENT OG SKIFTUDAL OPEN.

ARRANGØREN EJ EVENT AVSLUTTAR MED FØLGJANDE TAKKEORD:

"ARRANGØRENS YDMYKE TAKKETALE:

Sekreteriatet vil med dette få rette en stor takk til både spillere og publikum som var med på å gjøre arrangementet til en trivelig og spennende turnering.

Undertegnede vil særlig takke Berit, Eldbjørg, Lene og Anna for alt arbeid i forbindelse med kafeen. En stor takk rettes til Thomas, Jone og Sondre med tanke på lyd og teknikk. Det samme gjelder Johan, Vebjørn og Jakob som utfylte sine dommer-assistent roller med glans.

En takk fortjener òg våre samarbeidspartnere Hjelmeland Sparebank og Coop Prix Hjelmeland som bidrog med hhv frisk kapital og frukt.

Ellers vil vi takke for lånet av party-teltet som i perioder var godt å ha i det ustabile fellesferie-været :-)

Og til slutt vil vi takke alle som var med å rydde efter turneringe: innsamling og vasking av bord og stoler.

OJ EVENT v/ Ola Skiftun og Jarle Tednes"




Då får me andre takke Ola og Jarle for topp arrangement, og så får me leve i håpet om Skiftudal Open òg i 2012 !!!

FaceBook
Facebook