1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower
Dei falma merka langs turstien frå Bastli til Røssenibben er nå friska opp att med ny raudmaling, og stien er nå godt merka igjen ! Med eitt lite unntak: like før toppen tok malinga slutt, og siste biten på denne trasèen er difor ikkje oppfriska. Her er likevel merka både med maling og nødlingar, så ein finn fram - men malinga er litt værslitt og falma.  Me oppmodar: nestemann som skal til Røssenibben: ta med ein liten skvett raudmaling, og fullfør merkinga heilt til topps !!images/JUL/Bilder/ros1.jpg

TA TUREN TIL RØSSENIBBEN !
Turen til Røssenibben er ein bratt tur opp frå Bastli ; men jammen er det flott ! Første del av stigninga går på skogsveg opp Bastli-dalen. Vidare går det på sti i nydeleg furuskog og opne berg; og det blir lettligare og lettligare jo høgare ein kjem. Det som særpregar turen til Røssenibben, er at den dramatiske Jøsenfjorden er tett innpå heile tida. Her er det panoramautsikt mot Hagalid, Øknsafjellet og Skomakarnibbå. images/JUL/Bilder/ros2s.jpg

Og når ein nærmar seg toppen er utsikten formidabel innover heile Jøsenfjorden og inn mot Ryfylkeheia i aust. Sjølve platået oppe på nibbå er relativt lite; men her er ein flott varde og fin kvileplass med drømmeutsikt over heile Ryfylke !

Hittil i år har det vore 28 personar på Røssenibben; dei aller fleste frå Jøsneset, men òg 2 frå Berlin. Og 5 gutar har vore her to gonger, så i turboka har ein kome til nr 33. Framleis god plass i boka her Smile !!

Det går fint å kombinere turen med ein tur oppom Gunlanuten òg. Det er det fleire som har gjort i sommar,  og løypa vidare er merka godt.  Og ein kan gjerne ta turen andre vegen; via Fossmarka og opp -  det er ein smaksak  om ein vil gå eine eller andre vegen. 

Ein bør iallefall rekne 2 timar frå Bastli og opp til topps !

Turen er merka i TURSTIKART FOR JØSNESET som Tur nr 6.
Sjå òg nærare skildring uder menyen TURSTIAR

 

FaceBook
Facebook