1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Under budsjettbehandlinga 12.12.07, sa kommunestyret JA til scene i gymsalen på Jøsneset ! Dermed har fleirtalet av politikarane halde det dei lovte på valkamp-møtet i september.

Som kjent har Ungdomslaget garantert for inntil 1/3 av kostnadene, avgrensa oppad til 250 000,- dersom kommunen òg bidreg med 1/3. Dette gjekk altså inn i kommunebudsjettet.

Eit av fleire vilkår knytt til garantien frå Ungdomslaget er at bygget skal frå grendehus-status, i tillegg til det primære som er gymsal/skule.

Då er me kome eit gledeleg skritt vidare mot realisering. Neste skritt i finansieringsplanen er 1/3 tippemidler. Søknadsprosessen er allereie i full sving, og søknad blir sendt til Fylkeskommunen i starten på januar 08.

FaceBook
Facebook