1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Fredag kveld 24.09 kunne folk på Jøsneset levere inn klær og anna utstyr til Romania. Transportøren til innsamlinga fortel at bidraga frå Jøsneset var langt større i år enn i fjorSmile. Den store overbygde tilhengaren blei HEILT FULL av klær, utstyr og anna.  Hengaren er nå, lørdag formiddag, kjørt inn til Sand. Der blir bidraga lasta over på den store traileren som skal frakte dette til Romania. Også den er SMIKK full, og vel så detSmile. Det er Inger Apeland i Suldal som koordinerer innsamlinga, og traileren består av bidrag frå heile Suldal - og oss på Jøsneset inkl Eiane. Og her går det unna: for traileren tek av gårde til Romania allereie i kveld (larudag 25) !!

Og bidraga kjem direkte fram og til ein plass som treng det. Bidraga blir levert til ein provins i Romania der dei treng stor hjelp, og der ein barneheim er sentral i distribueringa. Barneheimen får mykje utstyr, men det blir òg sortert og fordelt ut til dei som treng det elles i området. Arrangøren fortel òg at dei set saman gåvepakningar som blir delt ut som julegåver til dei som ikkje har så mykje anna.

Transportøren fortalde om ei rumensk dame som var her i Norge på ferie, og ho spurte etter kor i Romania utstyret blei sendt. Då arrangørane fortalde kor det blei frakta hen, kom dama på gråten av glede: for ho visste at der kom det virkeleg til nytte Wink.

God tur til trailersjåføren!

FaceBook
Facebook