1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 


Siste del av november har vore prega av kaldt, stilt og stabilt barfrostvær.
Fint inne ved peisen......men magisk ute i naturen òg

 


Naturen byr på litt andre opplevingar enn i sommarhalvåret. Her på veg opp Åslandsbakkane mot Herefjellet.

 
Frå Norda Høgaste ned mot Erfjord og inn Erøysundet


Utsikt mot Gunlanuten. Dette er dagen før hjortajakta tek slutt (28nov) - likevel er det ingen jeger å sjå, ikkje eit skudd å høyre (dei må vere andre stader?)
- det er iallefall stille på Nora Høgaste denne kalde novemberdagen. Ca 1o cm hard snø .

PS: turboka i kassen på Norda Høgaste er nå skifta ut - det var 139 personar som har vore her oppe sidan 2.mai.  44 stk av desse besøkande var der på ein dag - det var 1.pinsedag då "Hardhausen" blei arrangert. Norda Høgaste er ein av 4 Jøsnes-toppar du må vere innom for å vere med i Helselaget sin toppturkonkurranse (sjå eigen info på nettsida). Frist for innlevering av toppturane dine er 1 desember.



 

På Fosstemmen er det minst 15 cm fin skeiseis siste søndag i november. Litt snø på isen enkelte stader, men stort sett fin stål-is.

 "Kalvagaren" ved Fosstemmen står til din disposisjon året rundt. Men her er det ubetjent, så du må fyre bålet og koke kaffen din sjølv:-) 
Men kosestund blir det garantert - ikkje minst på ein steinkald vinterdag.

HIV PÅ DEG GODE KLÆR - OG TA TUREN UT I JØSNES-NATUREN  Wink

FaceBook
Facebook