1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Volleyballtreningane rullar og går jamt og trutt kvar onsdagskveld, og det er etterkvart ein fast gjeng på rundt 10-12 stk som møter opp jamnleg til aktiv og munter lagspel.

Tenåringsgutane er trufaste på treningane, men òg "gamlingane" stiller jamt og trutt opp - og det er òg ei god blanding mellom kvinner og menn etterkvart.  Gøy er det når det passar slik at lagfordelinga blir "tenåringane" mot "gamlingane"......og tru det eller ei: dei "gamle" slår bra til mot den ungdommelege trøkken.  Sjølv om førre kamp enda i ein knepen seier til ungdommen, så var det ein særs jamn kamp i alle tre setta.  Og dette er slikt som pirrar konkurranseinstinktet i nokon ein kvar.

Volleyball er ein sosial og gøy idrett som gjer godt for armar, bein, kropp og sjel - og her kan alle delta, så har du lyst å bli med, så kom på onsdagar kl 20.00.
Nå gledar gjengen seg til vår og varme, lyse kveldar......kanskje det då blir trening ute i bingen?



 
  

 

FaceBook
Facebook