1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

ME MINNER OM INNSAMLING AV KLÆR TIL ROMANIA.
LASTEBILEN KJEM FREDAG 16. SEPTEMBER kl 17 - 18.00 v/ JØSNESET BRANNSTASJON.

Inger Apeland frå Suldal er like trufast med INNSAMLING TIL ROMANIA i år som tidlegare haustar. I fleire år har ho stått på og organisert innsamling og transport av klær, utstyr og anna til Romania.  I fjor fekk dei ein SMEKKFULL trailer med fine ting frå Suldalsområdet og her frå Jøsneset. Klarer me å fylle traileren i år òg ??

Inger Apeland skriv:

"Me treng klede, sko, ullteppe, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn, stoff, strikke- og sysaker, leiker , ja, alt mogleg. Pakk godt i dobble svarte sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. Fraktpengar pr kolli kr 40,-  STOR TAKK TIL ALLE !! Inger Apeland 95 10 54 24 eller 52 79 94 14".

PS: kanskje det er me som skal takke Inger for flott innsats til ein provins i Romania som verkeleg treng klær og utstyr !!

Så folkens: ta skapa fatt og rydd ut alt det du ikkje brukar meir.....men hugs det må vere reint, heilt og orntlig.

FaceBook
Facebook