Søndag 4 des var det fakkeltog og tenning av julegrana på Skiftukrossen; med påfølgjande sang rundt treet, nissebesøk og gløgg, pølser og pepparkaker.
Og regi av skulen skjer følgjande fram mot jul:
Denne veka reiser heile gjengen ein dag til Stavanger: dei har fått støtte frå den "kulturelle skulesekken" til å besøke til Rogaland Kunstmuseum. Men det blir òg tid til ei spanande omvisning på Stavanger Politihus og mat på Peppes Pizza for pengane de samla inn på EdvardMunch-kvelden i november. Dette blir ein kjekk og innhaldsrik dag!!
Vidare ut over i desember blir det ein dag med Nissefest og graut saman med barnehagen i gapahuken som står oppe i buhagen til Silje.
Vidare blir det ein heil dag på skulen til julforming; då blir vel både nissar,julepynt og julegåver til mor, far, tanter og onklar produsert.
Nærare jul blir det ein dag til Hjelmeland for den årlege Landhockeyturneringa, og vidare blir det songøvingar til korframføringa under Skulegudstenesta som er tysdag i veka før jul.
Siste skuledag før jul er onsdag 21 desember; og då brukar dei dagen på tradisjonelt vis med "julekos" på skulen.
Og deretter blir det GOD JUL!!
Nytt frå Strandbuen
- Mange ville høre hva politikerne sa om Ryfast-takstene – se hvem som kom
- Uvanlig stor interesse for småbruk: – Eiendommer som dette er det ikke mange av
- Folkemøtet på Tau: Gikk langt i å love lavere Ryfast-takster
- Satser enda mer i Ryfylke med banksammenslåing – dette er endringene folk vil merke
- Mathilde, Ida, Solveig og Leah gjekk til topps med ideen sin: – Me fekk sjokk
Siste nytt
Travel førjulstid
- Detaljar
Borna på Jøsneset skule har det travelt nå før jul: