1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Skiftun kai har i generasjonar vore bygda sin viktigaste møteplass. Dåtidas "internett" der informasjon fløyma ut og inn -og nye trendar openberra seg.

Rutebåtar har kome, rutebåtar har gått. Hurtigbåtar, butikk, post, fiskemottak, bryggedans, båthamn, fisking, bading, siderbrygging....og meir til. I 1922 skjedde dei ei stor oppgradering av kaien, og det er i år 100 år sidan. Nå har me hatt 2 år med korona og sosial distanse - det er jammen på tide å samlast igjen - på kaien, som i gamle dagar - Så velkommen fastbuande, fritidsbuande og ferierande gjester !

Jøsneset Bygdaråd inviterar til ein uformell sosial kosedag på Skiftukaien. Det blir prat og mat, kaffe og saft, aktivitetar og Quiss/Natursti til Smidjehaugen, Skiftu-kai-historie, og kanskje meir? . Ta med deg familie og venner - Det blir kanoar og SUP-brett i standa, og kanskje ein liten rokonkurranse?
Set av datoen - Meir info kjem

PS: bildet ovanfor er ein tidstypisk situasjon frå 1968: karane møtes i god tid før rutebåten kom. Oppdateringar ! Bildet er tatt av Svein Hauge. Eit av quiss-spørsmåla blir: kven er karane på bildet?
PPS: bildet under er eit gammalt prospektkort. Sikkert eldre enn 1922 - for her var det berre trebrygge.
FaceBook

Helselaget minner om at alle over 60+ er invitert på tur til Skabelonen i Årdal med eigen buss 23. mai.  Eldfinn Austigard tek i mot og serverer saupskoltar og bålkokt kaffe - og han fortel historier om alle dei flotte utskorne trefigurane han har i hage og hagestove ! Eigenandel kr 100,- Påmelding innan 20. mai til Berit, mobil 97 11 24 74

FaceBook

Det nærmar seg HARDHAUSEN og vandring i fjella våre !  Set av 1. pinsedag - søndag 5. juni. Her finn du MEIR INFO 

FaceBook

Laurdag var det duka for det første Smashing Jøsneset junior, og både etablerte og rykande ferske artistar entra scenen

FaceBook

Det nærmar seg Hardhausen 2o19 - meir info om arrangementet

FaceBook


Lørdag 18.mai inviterte Bygdarådet til Pub-Quiss i gymsalen.  Ca 60 personar møtte opp til ein triveleg kveld. 8 lag stilte til skarp kunnskapstest -

FaceBook

Påmelding til Unni 403 94 743 - og her er heile PLAKATEN

FaceBook


Denne gjengen var på flott merketur over Nesvikheia ein finfin kveld denne veka; turen gjekk frå Trodlaskar i nord til Øspelundalen i sør, og 9 lokale stadnamnskilt blei hengt opp, kratt blei rydda og vakre utsiktspunkt opna opp. Frå høgre: Marit, Berit, Rasin, Kåre, Svanhild og Kåre + Unni var med på turen.

FaceBook

Nok ein gong har det vore beisedugnad på gymbygget. Nå er det den nybygde øvre delen i front og på sidene som er blitt beisa to strøk. Bygdarådet takkar dei som var med: Jonas H Gbada, Jasin H Gbada, Lars Bog, Øyvind Oaland, Odd Fosså, Johan Fosså og Johan Langvik + Jostein Hjorteland som skaffa liften.

FaceBook

 MOWI  avd Fosså melder at dei skal ha med seg elevar frå Strand vidaregåande skule ut for å rydde på strender på Jøsneset mandag 6.mai

FaceBook

Ca 30 personer var med åpen dag på Mowi sitt anlegg på Fosså lørdag 4.mai. De tilsette tok gjengen med på  ein kjekk og lærerik omvisning på anlegget og merdene.

De serverte nydeleg fiskesuppe med tilbehør ute på Skiftun kai i etterkant. Bygdarådet takkar for eit bra initiativ og ein kjekk dag. 

FaceBook

 

FaceBook

Jøsneset Bygdaråd inviterer både til pub og quizz - her finn du PLAKATEN - husk påmelding !

FaceBook

1.mai var Seniortreffen på Jøsneset på tur ilag med fleire andre frå kommunen. Turen gjekk til Åkrafjorden, med besøk både på Åkratunet, på båt på Åkrafjorden, traktorsafari og besøk på Eikemogarden i Etne.  Det var ein fin gruppe frå Jøsneset med, og det blei ein veldig koselig tur !  Turen blei sponsa av Jøsneset Helselag, og Berit T Skiftun, koordinator for seniortreffen, deltok òg på turen . Turen blei arrangert av Hjelmeland Eldreråd. Her kjem nokre bilder frå turen:

FaceBook


Dei stilige sokkane som dukka opp på Håvehammar for ein månad sidan har vandra frå turpost til turpost. Før påske tok de turen til Gunlanuten, og I påsken tok de turen ned att derfra til......

...
FaceBook

Ein liten hundesele blei mista på tur i dag. Eigaren trur den ligg anten ved "hyttå te Kjell" dvs v/den vesle hytta nedanfor Gunlanuten v/ stikrysset. Eller den ligg kanskje på Røssenibben !! Viss du er på tur og finn denne hundeselen, så ta kontakt med Unni Fossaa 403 94 743

FaceBook

FaceBook

Wink

......ja, av 3 startande lag altså - På Fisterløpet.  Men likevel: laget kjempa mot 2 andre reine herre-stafett-lag, medan "Team Jøsneset" var ein god aldermix-lag av barn og godt vakne og jenter/damer og gutt/mann....mangfoldet lenge leve !! Kristiane 12 til venstre starta veldig lett og friskt, tett fulgt av den litt lett pesande "gamlemor" Svanhild, vidare fulgt av det langbeinte ekteparet Ingeborg og Sven, medan Jakob 14 stødig hanka det heile i land med den raskaste etappen

FaceBook



Jøsneset stiller med stafettlag på Fisterløpet - "Team Jøsneset" . Me røper ikkje kven deltakarane er; du får samle saman slekt, venner og naboar og dra til Fister å sjå de i aksjon - Kr. Himmelfartsdag - løpstart kl 14.00. Me kan røpe såpass: teamet består av: lange bein og korte bein, spretne bein og treige bein, unge bein og middelaldrane bein, mannebein og kvinnebein......ja, resten får du finne ut sjølvWink Teamet har "alt" på plassYellhrfmff - bortsett frå HEIAGJENGEN ! Så møt opp!! PS: Det stiller òg individuelle Jøsnesløparar.

FaceBook

17.MAI PÅ JØSNESET. 

I år er det ei spesiell 17.Mai då det er siste året til skulen på Jøsneset, samt at grunnlova har 200 år markering. Me kan difor stolt reklamere for eit innhaldsrikt og variert program for dagen.  Talerane for dagen er Ida, Tanja og Sebastian som er 7 klassingar på Jøsneset skule, kulturskule elevar vil ha nokre innslag, samt alle dei tradisjonelle leikene som me arrangere. Potetløp, sykkelløp, luftgeværskyting, 60m ( for barn og vaksne, hugs sko), dart, klossebygging, spikring, stylter, natursti, quiz, tippekonkurransar, fotballkamp m.m.

17. mai komiteèn ynskjer alle, både fastbuande og hyttefolk til ei tradisjonell og kjekk 17 mai feiring saman.

 

FaceBook

Det er spørsmålet for skulen vår..

 

FaceBook



Sigurd Opedal frå Stavanger er ivrig heiatravar på Jøsneset, og deltok òg i år på 3-nutstur/Hardhaus, saman med familien sin. Her er det yngstesønn Rick Andrè Opedal og kompisen Aleksander Buer Mikalsen på ein kort stopp på Røssenibben

 

FaceBook

Martin Augestad (snart 17) er altså HARDHAUSEN 2012. Denne gjeve tittelen fortel oss at Martin toppa alle dei fire høgaste toppane på Jøsneset 1.pinsedag 2012; Gunlanuten, Røssenibben, Valafjellet og NordaHøgaste.  Kniven til Daniel har dermed havna i Sandnes dette året. Martin gjekk turen på 6 t 6 min, og kom nærast den hemmelege idealtida som i år var på 6 t 16 min.

FaceBook

Hardhausen og 3-nutsturen blei avvikla 1.pinsedag, denne gongen med tidenes flottaste sommarvær !!
64 lettkledde, spreke, blide og turglade personar gjennomførte ei eventyrleg toppvandring - og tenk det blei årets yngste deltakar som gjekk av med seierskniven for 3-nutsturen: Elise Sværen Oaland (3.klasse). Foto: Ingeborg Westersjø

FaceBook

Leiar av Nasjonalforeningen Jøsneset helselag, Svanhild Elise Hjorteland, melder at vinnaren av quiz'en 8.mai er klar:

1. Berit S. Hjorteland med 19. rette

2. Sven Westersjø med family med 18. rette

3. Eilef, Anniken og Ronja Foss 16. rette

FaceBook

 

Første synlege resultat av bulystprosjektet er på plass på JøsnesetLaughing

(Klikk på bileta for å få dei større)

Dette er den flotte nye benken ved Fosstemmen. Denne kan du prøve om du skal på 3-nutstur/ Hardhausen 1.pinsedagSmile

 

FaceBook

Kva med ein ørliten oppvarming før Hardhausen? Hjelmeland Turlag inviterer deg med på kveldstur til Saupstøl og Jørmelandsvatnet. Sjå plakaten HER.

FaceBook


Fleire utfordringar 2.pinsedag, dagen etter Hardhausen. Vil du har ein litt rolegare, men likevel aktiv utedag? Då er FinnFramDagen på Bjødnabu på Hjelmeland midt i blinken for deg. Masse aktivitetar for barn og vaksne + sal av grillmat mm.  Sjå plakaten HER.

FaceBook

Våre naboar nord i Imsland har sendt oss invitasjon til ei ny utfordring dagen etter Hardhausen. Då går det populære Ølmedalen rundt av stabelen i Imsland.  Du treng ikkje vere topptrent som Petter Northug for å delta her; det er òg barne-og trimklassar. Løpet trekk hundrevis av folk kvar år, så dette er gøy ! Me blestar om arrangementet deira, mot at dei kanske blestar litt om vår Hardhaus, så følg med på Imsland sine heimesider. Klikk på bildet, så får du plakaten og meir info.

FaceBook

Paraplyane måtte fram òg i solbygda Jøsneset Wink 17.mai 2012. Likevel blei det ei riktig koseleg og tradisjonell feiring, med tog t/r Austad, ordførartale, leiker og konkurransar, masse gode KAKERSmile, is, brus, lapskaus og pølser og ikkje minst.....godt pratelag !!

FaceBook


Me gratulerar med nyopna veg Kilane-Osberg !!! Når me så får bru over Sandsfjorden om eit par år blir det nesten "strake vegen" for oss til HaugesundWink

FaceBook


Den årlege, populære JØSNESPOSTEN er nå ferdigtrykka og i salg. Bygdeavisa er laga av storskuleelevane !! Her finn du smånytt (og stornyttWink), intervju med bygdefolk, vitsar, foto, elevoversiktar, krim og og artiklar om ting som har skjedd i det siste. Storskul- elevane frå Jøsenfjorden har òg vore med å laga avisa, og difor får du òg stoff frå nabobygda vår.

Elevane på skulen går rundt i bygda og sel avisa. Elles blir den å finne på MIXn på Nesvik !

FaceBook

Hardhausen og 3-nutstur 1.pinsedag 27.mai. YR.no melder om 19 grader og SOL - det kan bli ein flott dag mellom fjord og fjell !!
Klikk på plakaten så får du den i større format.

FaceBook

Rektor Rasin kan fortelje at arbeidet med den hyper-populære JØSNESPOSTEN er i rute. Storskulen har stått på dei siste vekene med artiklar, fotografering og intervjurundar. Nå er det trykking og distribuering som gjenstår. Skuleavisar kjem ut før 17.mai !!!  Elevar vil gå rundt i bygda å selje. Elles blir den å kjøpe på MIXn på Nesvik.   Me gledar oss til masse godt Jøsnes- og Jøsenfjorden-stoff; ikkje minst smånyttspaltaLaughing

FaceBook

17.MAI PROGRAM JØSNESET

Startar alt kvelden før 16.mai kl 18.00 på gamle skytebanen bak bedehuset : SKARPSKYTING

17. MAI
kl 11.00
Toget startar frå Brannstasjonen og går til Austad og tilbake til skulen
ca 11.40 Tale for dagen
v/ ordførar Trine Danielsen
ca 12.00 Sal av lapskaus, pølser, is, brus
ca 12.30 Fellesaktivitetar og konkurransar på skuleplassen
ca kl 15.00 Premieutdeling og avslutning.

Årets 17.mai-komitè oppmodar alle å øve på 3 vers av 3 nasjonalsangar, for å få godt "trøkk" i toget. Songane er NORGE I RØDT,HVITT og BLÅTT, FAGERT ER LANDET OG sjølvsagt songen over alle songar denne dagen: JA VI ELSKER !!! Tekstane til songane finn du HER.

FaceBook



Nå finn du òg Jøsneset på FacebookSmile sjå ute på venstremenyen og oppe i hovudlinja, og klikk deg inn på den opne Jøsnes-sida på Facebook. Sida er oppretta for alle som er glade i Jøsnes-bygda og er interessert i det som skjer her. Difor håpar me at det som blir lagt ut der blir Jøsnes-relatert. Facebooksida blir ingen erstatning for nettsida!! Artiklar og nyheiter bli framleis lagt ut på nettsida, men så linka ut på Facebooksida, og på den måten når me òg langt fleire lesarar.

 

FaceBook

Jøsneset på Facebook

Vi besøkte Seljord og der møtte vi Seljords-ormen over altLaughing

Fra Jøsneset reiste Jorunn Foss fra arbeidsgruppa i bulystprosjektet "Hjelmeland 24-7" og Svanhild Hjorteland, ny leiar i Jøsneset helselag. Tilsaman reiste 11 stk frå forskjellige frivillige lag og kommunen.

I Seljord fant vi bli-lyst og MASSE inspirasjon.

 

FaceBook


I samband med EUs europeiske "år for aktiv aldring" inviterer Frivilligsentralen og Eldrerådet alle eldre i kommunen til aktivitetstund og liten rusletur. Dette skjer i alle grender TORSDAG 10 Mai kl 10.30 - 11.30. På Jøsneset finn dette stad på Ferjekaien på Nesvik. Det blir servert frukt og grønt spandert av SPAR-butikken Hjelmeland, og organisert tur for alle. Velkommen !!

FaceBook

Tysdag 8.mai er det hjerte- eller kanskje også fredsmarsj på Jøsneset.

Frå ein tidlegare hjertemarsj på Jøsneset.

FaceBook

Me samlast til tradisjonell ryddedag tysdag 15. mai klokka 17.30! Møt opp i skulegarden, så deler me oss i lag og ryddar langs vegen. Etterpå blir det pølser, saft og kaffi til alle.

Bli med og gjer bygda ryddig og fin til 17. mai!

Bygarådet

FaceBook

Jøsnes-karen Jarle Tednes sprang i år inn til ein finfin 6.plass på årets Strandamil mellom Jørpeland og Tau.
Etter det me får opplyst sprang han òg inn til ny personleg rekord på 40 min 11 sek !!
Me gratulerar med eit bra løpSmile, og her finn du heile RESULTATLISTA.

FaceBook

NORLED har nå korrigert dei nye rutene, så nå er de rette dei som ligg på nett HER.
NORLED melder elles at papir-rutene er sendt til trykking, og er forhåpentlegvis på plass om ei vekes tid, dvs +/- 10.mai.

FaceBook

NORLED fekk omsider lagt ut dei nye ferjerutene på si nettside.....men....akk....med feil. Sjølv om kommunen gjorde merksam på feilen tidleg på mandag 30.april, har likevel ikkje NORLED korrigert feilen pr 1mai. I ruta står avgangen 19.00 både frå Hjelmeland og Nesvik. Det rette er 19.00 frå Nesvik og 19.15 frå Hjelmeland. Dei nye rutene er ikkje lagt ut på NORLED sine sider som ein nyheit, så du må sjølv leite deg fram til ruta. Forhåpentlegvis er de trykt opp korrekt i papirfomat nå....Wink.skal `kje vere enkelt!

FaceBook

Helselaget tar for tida ei ringerunde til alle som har "adoptert" ein tursti, for å høyre om det trengs fleire skilt, merkepinnar eller maling. Vi oppdagar jo av og til at vær, vind og hjort? slit på merking og skilt. Det er tydeligvis nokre hjortar eller kanskje "Elghild" som har oppdaga at pålar med skilt på fjellet bl.a. er utruuuligt gode kløpinnar.. Undecided Dermed er det nokre velta/brekte pålar rundt omkring.

Dersom nokre av dei ivrige turgjengarane på Jøsneset har oppdaga manglar, rydding som må gjerast, tre over stien som må sagast vekk eller liknande, er det flott hvis de gir beskjed til Jorunn på tlf 99638803. Helst innan 1. juni, då sender vi inn oppsamla bestilling på skilt m.m. Men de kan sjølvsagt gi beskjed heile året, vi set pris på tilbakemelding!

OBS- i løpet av sommaren vil det bli ei omlegging av merka løype frå Morkabrunå-Morkjå-Døvikdalen-Høgafjell, så følg med på ny merking der.

Ha ein koseleg sommar med mange gode turar på dei flotte turstiane våre!

Helselaget

FaceBook

Til hausten kan hjorten på Jøsneset kjenne seg svært utrygge! I tillegg til mange allereie aktive jegrar, er det no utdanna fleire nye jegrar på Jøsneset. Med stønad frå Jøsneset viltlag har desse bestått jegerprøven:

- Jone Hjorteland

- Jonas Gbada

- Sondre Fosså

- Eirik Fossaa

- Tomas Tjeltveit

- Lars Gudmund Brandal

Lukke til med jakta! Smile .. og til hjorten må vi berre seie: pass på!

 

FaceBook

Smile JIPPI : Etter 9 dagar utan nett i bygda, er det nå "oppe og går igjen".

Det har vore kabelskip i fjorden heile veka. Kabelen var visstnok "ute av kurs" - låg rett under oppdrettet, og dette medførte vel òg utfordringar i forhold til å reparere skaden. Torsdag kveld var det folk frå Relacom som kopla opp i sentralen på Skiftun.

FaceBook

Jøsneset Eldretreff avslutter vårsesongen med å bli med Hjelmeland frivilligsentral på busstur til Sauda 26.mai.  Alle 12 brukerne har meldt seg på, og kan glede seg til guida busstur med lokalhistorie, omvisning på industriarbeidermuseet og fabrikken, middag på Sauda fjordhotell og tid til å se i butikker og handle.

Andre som har lyst å være med til Sauda kan melde seg på til Hjelmeland kommune tlf. 51757034 innen 13. mai.  Pris inkl. reis og middag kr 500,-. Sjå lappen frå frivillighetssentralen her.

Jøsneset Helselag/ Eldretreffet

FaceBook

Våren er ei travel tid for nokon og ein kvar; eksamenar, konfirmasjonar, lemming, vinnå, fotballkampar, møter, fridagar osv osv.
Volleyballgjengen har difor beslutta å ta sommar-pause........iallfall på dei ordinære onsdagstreningane.

Men husk at det blir volleyballturnering i sommar med OJ EventsKiss
Meir info følgjer.

FaceBook

51 stk har gått hjertemarsj på Jøsneset i dag!

 

FaceBook


                                                                                         Foto: Jorunn Foss
Ein blid gjeng foretar felles innregistrering etter vandring mellom fjord og himmel på 4 nutar på 690, 713, 719 og 829 moh.


FaceBook

Eldretreffen avslutta sesongen med god middag på Preikestolhytta sist veke.

FaceBook

 



For dei ca 115 som tilsaman gjekk 3nutstur/Hardhaus og som besøkte Fosstemmen i dag, trur me at 23.mai 2010 går inn i historien som ein VAKKER OG GOD DAG !!!  Jøsnesheia fekk rekordbesøk denne dagen!

FaceBook
  


Skuleelevane på Jøsneset skule fekk eit uvanleg møte frå det djupaste djup på fiskemottaket på Skiftun i dag : møtet med sølvkveita !

FaceBook

 

  Det minkar på veden i gapahuken "KALVAGAREN" v/ Fosstemmen. Kanskje du har ein vedsekk og to som du vil bidra med ??

FaceBook

 Nasjonaldagen blei feira på tradisjonelt vis på Jøsneset, med rekordstor deltakingKiss Komitèen hadde sett klar 100 stolar, men måtte fylla på for å gi sitteplass til alle. Spesielt kjekkt var det at det var så mange ungdommar som feira heime i bygda i år......

...
FaceBook

 


JIPPI !!!

Nå er den her!!
Avisa som me Jøsneskalvar liker aller best:

JØSNESPOSTEN !!!

FaceBook

Hensikten med å dele ut gratis vafler kan du lese om her.

Oppskrift på sunne vafler kan du finne her.

På skuleplassen på Jøsneset laurdag 8. mai 2010, med flagget til topps, feira me nasjonalforeningen for folkehelsen sin 100 års dag. Først var det hjertemarsj, der dei aller fleste gjekk til Brynå, ca 1 times tur. Det var 23 stk som gjekk på tur. Dei fekk pins, frukt og vatn når dei kom tilbake. Det var 7 stk til som kom for å vere med på feiringa. Pluss journalisten frå Strandbuen og 4 styremedlemmer i helselaget.

Det var nydeleg vær og vi kunne ete vaflene ute!

Kaffi og frukt mens vi venter..

 

FaceBook

Det har vore triveleg søndagskafé på Trivselståvå dei to siste søndagane mellom kl 15-17. Ungane spring ute og leikar eller spelar i den nye ballbingen, inne på Trivselståvå går det an å få kjøpt seg vaffel, kaffi og diverse. Litt frukt sto og på borda. 

Føremålet med kaféen i sommar er rett og slett å vere sosiale. Vi vil prøve å prise varene slik at dei kun dekker innkjøpet. Ansvaret vil gå på rundgang. 

Vel møtt neste kafé, sjå datoane under "kalender".

Helselaget

 

FaceBook

Torsdag 14.mai hadde ELDRETREFFEN ein eventyrleg tur til staden som har fått namn etter trolla: TrodlaTysdal.
images/JUL/Bilder/trodlas.jpg

FaceBook

images/JUL/Bilder/17mai1s.jpg   17.mai-feiringa blei både kjekk og koseleg, med godvèr. Toget starta frå Skiftun kai kl 11.00 og det dura oppover mot skulen.

FaceBook
Den årvisse og populære bygdeavisa "Jøsnesposten" er nå ferdig og er ute til salgs.

Avisa blir laga av storskulelevane på Jøsneset skule, og òg i år har dei fått til ei fargerik, morsom og underhaldande avis. Her får du vite nytt om litt av kvart i bygda, ein del "dybde-intervju" Kiss , litt krim og litt historie følgjer òg med - litt vitsar og ikkje minst; du kan få øve deg på Nasjonalsongen.

Storskuleborna har vore ute på husa til folk for å selje den i dag (13.mai) .....kanskje òg i morgon?
Var du ikkje heime då de kom, kan du nok sikre deg eit eksempar på NAUSTE hos Cesilie.
FaceBook

VONI (eller VONA, som dei kalla den seinare) var altså lagsavisa til Jøsneset Ungdomslag frå 1903 - 1957.  Ungdom i bygda skreiv i boka, og dei les opp frå den på ungdomslagsmøta. Og så gjekk den på omgang. Det er mykje forskjellig stoff i den; noko sant og noko fantasi, noko om natur og kvardagsliv og noko om ungdomsliv.

Her kjem dei tre ALLER første stykka i VONA, som altså er frå 1903. Då hadde ungdomslaget virka nokre år alt (stifta i midten av 1895), men dette er den aller første skriftlege kjelda me har frå laget. Altså 106 år gammalt.

Første stykket er skrive av ein med initialene A.R. For oss er det ukjendt kven det er. Han samanliknar årstidenes gang med ungdomslags-arbeidet:

Klikk her:  VONA - 1.sept 1903

Andre stykket handlar om ei ung tenestejente som får eit viktig brev - eit brev som gir følgjer for resten av livet.
Om dette handlar om ekte personar (pseudonym i såfall ), eller om det er rein fantasi, nei, det veit me ikkje.
Stykket er ikkje underteikna, så me veit heller ikkje kven som har skrive dette. Men her var det slik som med Bjødne frå 1950; denne karen kunne òg kunsten med ord !

 Klikk her: VONA - hausten 1903


Tredje stykket skildrar både naturopplevinga av det å gå til fjells - ei skildring som me kan kjenne oss att i nå 106 år seinare. Den fortel oss òg litt om arbeidsliv og fritid, og om verdien av å møtast i sosial samanheng. Ofte var det kanskje slik ungdommar møttes dengong ? ....ute i det fri.  I VONA er det veldig vanleg at dei bruker fiktive namn, både på personar og på stadnamn. Det er difor ikkje urimeleg at denne historia både er sann og er frå heia vår her på Jøsneset. Kanskje det var Erfjord-ungdommane dei møtte  oppe rundt Gunlanuten?  Og  kanskje det var Fossbakkane dei streva med i starten?

Klikk her: VONA - 6.desember 1903

Det er grunn til å tru at begge dei to siste stykka her, er skrivne av kvinner. Litt uvanleg, faktisk, for det aller meste stoffet opp gjennom åra er skrivne av unge menn.

FaceBook

Nok eit stort dugnadsprosjekt er fullført på Jøsneset - nå BALLBINGEN !!!
images/JUL/Bilder/ball5.jpg

FaceBook

Det pågår for tida intens jobbing for å få ferdig ballbingen. Denne veka er det blitt kjørt på meir singel, og til slutt finlaget med steinstøv. Kvar dag denne veka har det pågått arbeid, både av enkeltpersonar på dagtid og av grupper på kveldstid. Torsdag kveld t.d. stilde ein gjeng på 6-7 karar og dei 7 "gutta-boys" ! Og dei jobba intenst i eitt kjør frå kl 17 til kl 22.00 (då under flomlys). Då var det finplanering av steinstøvet som skulle ferdigstillast. Dei blei ikkje heilt ferdige - så det fullførte dei fredag ettermidag; etter skuletid.

Då er det monteringsjobben som gjenstår: den blir utført nå i helga 9-10 mai - så her går det unna ! Leverandøren frå Kristiansand kjem og blir med på monteringa; men òg her trengs det ein durablig eigen-innsats. 

Verdt  å merkje seg at "gutta-boys"-gjengen står på som nokre heltar ! Det har alt blitt gode arbeidskarar av den gjengen - eitt godt teikn for framtida!

Men om du trudde at dei mindre barna berre går rundt å slenge, så tru om att!
For det første har òg enkelte av dei mindre barna bidratt på ballbingejobbing.
Men dei var i full aksjon dei òg torsdag kveld denne veka. Omtrent heile barneflokken inkl ein del mødre var ute på RYDDEDAG på torsdag. Dei rydda langs vegar og kaiar - og beda på skulen fekk seg òg ein omgang! Så nå er bygda blitt ryddig og fin til 17.mai -takka vere ein flink og ivrig barneflokk! Nok eit godt teikn for framtida !

Og som om ikkje det var nok: blandt storskulebarna pågår det òg intens jobbing for å få "JØSNESPOSTEN" ferdig - så journalistane hadde dobbelt arbeid på Ryddedagen - veldig smart,forresten, for då traff dei visst meir enn "fem på vegen".
Me gledar oss til avisa kjem ut i neste veke !

FaceBook
...
FaceBook

 kusymre          kusymre

 

FaceBook

Hjertemarsj 09

Onsdag 06.05.09 frå 12-13 var det hjertemarsj på Jøsneset. Jøsneset helselag arrangerte marsjen for tredje året på rad. Hjertemarsjen blir arrangert for å setje fokus på forebygging av hjerte- og karsjukdommer. Ca. 50 % av alle dødsfall skuldast hjerte- og kar sjukdommar. Hjertet er ein muskel som må trenast, og det blir anbefalt å være i fysisk aktivitet 30 min dagleg. Ein kan godt bli anpusten, slik at ein mest ikkje kan snakke. Då gir treninga god effekt for hjertet.

38 stk med stort og smått gjekk marsjen på Jøsneset i dag. Skule og barnehage var med, samt nokre frå eldretreffen. Alderen var spredd frå en to måneder gammel baby til en på over 80 år! Det kan vi kalle et arrangement på tvers av generasjonane! Det syns vi er svært positivt. Vi hadde litt regn i starten, men når vi kom i mål så skein sola, så vi kunne ta frukt og vatn ute. Alle deltakarane fekk seg ein pins. Det vart og loddtrekning av fleire premiar blant deltakarane. Noen av skuleungane sprang 4 runder rundt nullen på den halve timen vi gjekk, dei fekk skikkeleg trent hjerta sitt!

  

FaceBook

images/JUL/Bilder/have.jpg

Òg turstirydding skjer av frivillige hender. Nå er det an Kåre så har vore ute med sagaLaughing. Den fine ruta mellom Tonå og Håvehammar er nå rydda for gammal ruskete brakje og kvist og kvast.  Denne ruta er lettleg og kjempefin - spesielt når du går frå Håvehammar og ut: open og fin utsikt mot fjorden heile vegen.  Og nå er den blitt enda finare og lettlegare å gå !

Ta turen !!

FaceBook
Bygginga av både binge og scene pågår nå - med god framdrift !
images/JUL/Bilder/binge.jpg
FaceBook

Anten er Jøsnesbuen lite ivrige på tipping via Norsk Tipping, eller så har de ikkje oppdaga den unike moglegheita ein nå kan støtte frivillige lag på - utan å sjølv tape noko!

Både Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag er registrert som GRASROTMOTTAKARAR.

Men hittil har me ikkje mottatt dei svimlande summar:

- Jøsneset Helselag, 1 registert givar , har hittil mottatt kr 80,-
- Jøsneset Ungdomslag, 2 registrerte givarar, har hittil mottatt kr 150,-

(Til samanlikning har Hjelmeland Idrettslag 43 giverar, og har hittil mottatt kr 2 960,-   Fantastisk ! )

GRASROTANDELEN er altså 5 % av tippesummen som ein kan velje å gi til eit frivillig lag som står registrert. Me er altså begge registrert ! 
Det er veldig enkelt å bli givar: SJÅ BERRE HER !

Du kan registrere deg som givar både via SMS, www.norsk-tipping.no, via mobilspill eller via din kommisjonær.
Dette går altså IKKJE på bekostning verken av din innsats eller din ev premie - det er kun ein kjempepositiv måte å støttte ditt lokale lag på !! Gå inn på www.norsk-tipping.no  - der finn du massevis av informasjon !!

Viser òg til skriv som Helselaget har sendt ut i postkassane.

FaceBook

Visste du at me har ein gjeng med sirkustalentar her på Jøsneset ? Balansekunst med store ballar og ringarFredag i sist veke ga elevane i storskulen svar på spørsmålet: Ja, det har me ! 

Forklaringa er som følgjer: Jøsneset skule får jamnleg eit tilbod frå Den kulturelle skulesekken (eit skuletilbod som alle skulane i Hjelmeland er med på). Denne gongen hadde skulen besøk av Carl Olsen frå Circus Sibylla i to dagar. Han er opprinneleg frå New Zealand, men bur nå og driv ein fjellgard i Tinn i Telemark. Han har i tillegg drive noko så spanande som ein SIRKUSSKULE sidan 1992.

Carl kom torsdag morgon og starta øvinga. Elevane blei raskt revne med og dei øvde og øvde. Sidan opplegget skulle avsluttast med ei framsyning måtte elevane velga kva Luftige kast og djup konsentrasjonartistnummer dei skulle bidra med. Etter kvart som framsyninga nærma seg, blei iveren og treninga meir og meir intens. På framsyninga var det mange tilskoderar: barnehagen, Jøsenfjordskulen og foreldre, besteforeldre og andre slektningar. Dei fekk oppleva mange sirkustalent som både imponerte og sjarmerte tilskodarane. Tydeleg at instruktøren kunne sine ting ! Han imponerte både i måten han instruerte på og korleis han fekk elevane til å bli trygge i det dei skulle gjere.

"Beste sirkuset som har vore på Jøsneset nokon gong" Laughing, blei det sagt då tilskodarane gjekk heim (det seier jo alt !).

Me seier nok ein gong BRAVO til "den kulturelle skulesekk" BRAVO til Cicus Sibylla og BRAVO til elevane på skulen !!

Sirkusdirektørane i aksjon  Flott balanse på rar sykkel  Mange imponerte tilskoderar

FaceBook

17 mai på Jøsneset blei avvikla i nydeleg vår-vær og i relativt tradisjonelle former. Ikkje rekordstort frammøte, men god stemning og mange kjekke aktivitetar. Her kjem ein liten biletkavalkade frå årets nasjonaldag på Jøsneset:

(klikk på bildene så får du sjå de større)

Fanebærarar frå Jøsneset skule   17mai-tog frå Skiftukaien til skulen   17maitog Jøsneset 2008

Flaske-bowling-konkurranse   Hinderløp for barn   Lapskaus-kos

Storskule-laget i fotballkampen (resultat 1-1)   Gamlis-laget som kjempa til "the bitter end"   Fotballkamp mellom Gamlisane og Storskulen

Putekrig - alle Jøsneskarane stod på   Hinderløp for barn   Putekrig - jentene i aksjon

FaceBook

Frå 17mai 2007

Feiringa startar allereie kvelden før den 16.mai kl 18.00 med Skarpskyting- konkurranse på den gamle skytebanen . Gamle og nye skytterar er velkomne.

PROGRAM FOR 17.MAI-DAGEN

11.00 Tog frå Skiftunkaia til Jøsneset skule

11.30 Tale for dagen ved Svanhild Nessa,
           kultur-og næringsjef i Strand kommune

12.00 Matøkt med sal av lapskaus, pølser m.m.

13.00 Leikar og aktivitetar

15.30 Premieutdeling

17-mai-komiteen ønskjer alle hjarteleg velkomne til ein koseleg dag !

 

FaceBook

I nydelig vårvær ble hjertemarsjen arrangert for andre gang tysdag 6.mai.

47 spreke unger og vaksne gjekk marsjen, desse fekk pins etterpå,

og var med i trekning av premiar.

 Det smakar godt med vatn og frukt etter ein runde rundt "nullen". Hjertemarsjen 2008

 

 

Nokre damer frå eldretreffen sørga for himabakst til kaféen etterpå. Det smaka fortreffeleg med potetkaker, lappar, boller og forskjellige kaker.

 

FaceBook
Facebook