1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Fredag ettermiddag danna det seg lange køar og mykje ventande folk på både Hjelmeland og Nesvik ferjekai.  Dette skuldast tekniske problem med styringsmekanismen ombord i ferja "Hjelmeland". 

Ved ferjeavgangen kl 14.15 frå Hjelmeland blei ferja fylt opp med helgetrafikk, men det tok lang tid før den vart klar for avgang; nærare bestemt 1 time og 25 min. Ferja gjekk frå Hjelmeland 15.40 i staden for 14.15. Dette medførte opphoping av bilar på begge sider; og det tok si tid før rutetidene blei ajour att.

Hell i uhell; været var deilig ; og mange trakk ut på kaien og på dekk.  Ja, enkelte reisande tok det så fint at dei slo opp campingsstolar på dekk og koste seg med kaffe og fredagsavisa i ettermiddagssola. ......medan ein god del andre var kanskje meir stressa?!

FaceBook
Facebook