1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Lørdag 24 juli arrangerte Jøsneset Ungdomslag Rennebilløpet "Rally Monte Jøsneset 2011". Det var 8 flotte bilar som var med i løpet, men Runar Fossaa kjørte inn på raskast tid i begge omgangane og vart dermed suveren vinnar !! Gratulerar !!

 

Les referat og resultatliste frå løpet HER.

 


Klikk på "les meir" så finn du bilder av alle dei spreke deltakarane og dei enda sprekare bilane. God inspirasjon til neste års rally-løp !!


Vebjørn Fossa nedover Fossbakken "så rågjet står". Bilen hans var ein heile 4 bilar produsert på Fosså.


Nok ein Fossåprodusert bil "King of the road", kjørt av "Queen of the road": Unni: kledelig med ei svær rosa sky bak (kom desverre ikkje godt nok fram på bildet).


Bilen frå Tonå " Grandeur of the Road" var eit imponerande syn med flammar, turbo, flagg, speedometer og greier. Bilen blei kjørt av Tania og Aaron gløtta så vidt fram bakpå Wink


Denne bilen var det storskulen på Jøsneset skule som hadde laga, og den blei kjørt av ferieturistar på Eiane "Eiane Eagle". Bilen var nok noko underdimensjonert, for delar av bilen fall av undervegs i løpet......kvalifiserte difor til Fiaskoprisen. Men farten var likeve god !!

 



Eit rart og uventa syn var "Gamlå" alias Anne Auglend i farten ned Fossbakken....og ho var kje skuggeredd gitt, ho gassa såpass på at ho sklei inn til nest beste tid, og sjøvsagt vant ho i klassen for Godt Voksne Laughing


Jøsneset Brannvesen v/ Sven Westersjø tok utfordringa og stilde med eigen sjølvlaga brannbil "Sporty men gal " er var det lite sirener og blålys, men det gjekk i bånn gass og han kjørte inn til ei svært god tid totalt sett.


Dette er òg ein Fosså-produsert bil, med gevir i front og brusflaskelager i bagasjerommet. Bilen blei kjørt av Johan Fosså (og denne turen samen med Daniel).


Vinnar i barneklassen og med desidert beste tid i begge omgangane: Runar Fossaa med pokalen !!


Vinnar i voksenklassen (godt voksen må me vel kalle henne): "GAMLÅ" alias Anne Auglend. Sprek dame det gitt Wink....aldri har du vel sett ein gåstol gli unna nedoverbakke som eit olja lyn!!


Vinnar av kulast bil blei Team Fosså-bilen "King of the Road". Juryen uttalte dei hadde eit vanskeleg val pga at det var fleire flotte, tøffe "forseggjorte" bilar. Men juryen falt for det integrerte stereoanlegget og den kule rosa skya som flomma ut bak under løpet. Det er Odd Fosså som har laga bilen, men det er Fosså-Damene som frontar den (sjølvsagt) her representert med FossåFruene Ellen Mari og Unni.


Fiaskoprisen gjekk til den bilen som storskulen hadde snekra....bilen blei kjørt av mellom anna Kristoffer som er ferieturist på Eiane, og difor fekk han pokalen (sjølv om han ikkje treng ta ansvar for fiaskoen at bildelane datt av undervegs.....ansvaret for det får gå til Jøsneset skule som underdimensjonerte konstruksjonenTongue out.)


Bilen "Grandeur of the Road" produsert av Terje Auglend på Tonå blei gjenstand for beundring og diskusjon av dei andre bilmakerane frå Fosså; Odd og Oddbjørn.  På Fosså blei det produsert heile 4 bilar, på Tonå 1 på Foss 1 og skulen ein (+ gåstolen).   Her er det mange gode tips å hente til neste år. Dette var såpass gøy at Ungdomslaget håper på eit nytt rally til neste år. ......då håpar me å sjå bilar òg frå Skiftun, Knutsvik, Åsland og Nesvik !!


Et gøy arrangement som blei avslutta med pølser og brus

 

Jøsneset Ungdomslag.

FaceBook
Facebook