1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Jøsneset er ikkje kjent for å vere ein skidestinasjon av kaliber - men desse flotte januardagane etter snøfallet fredagkveld - er det flotte skiforhold alle stader, både på ekrer og bakkar i låglandet og oppvoer heia. Snøen ligg glitrande silkemjuk over alt - og med minusgrader ned i 8-9 så held snøen seg fint. Her frå vegen inn mot Skiftustølen - her er det tråkka eit spor og finfint å gå (om du orkar alle Fossbakkane først).  Framleis litt lite snø til at det er greitt å gå ute i terrenget, som td oppover mot Gunlanut - men veldig fint på skogsveg og islagde vatn.


Krokastemmen 17.jan - og her så var så blank og flott stålis velegna for skøyteløp sist helg - nå er det mest eigna for skigåing, ca 15 cm silkesnø.  Men finfin skeiseis er det nå nede i ballbingen, der snøen er måka bort.



Skogsvegen mellom Foss og Fosstemmen er fast og fin - godt å gå både på ski og til fots - og ikkje minst: heilt supert til akebrett ned igjen !!


Vegane i låglandet er brøyta og stelde - så her er det ikkje godt å gå på ski - men vakkert er det, så ta gjerne turen til fots, men obs - hald balansen og kle/sko deg godt !

 

Foto: Svanhild H Gbada, 17.jan16

FaceBook
Facebook