1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 



For dei ca 115 som tilsaman gjekk 3nutstur/Hardhaus og som besøkte Fosstemmen i dag, trur me at 23.mai 2010 går inn i historien som ein VAKKER OG GOD DAG !!!  Jøsnesheia fekk rekordbesøk denne dagen!

 


Underteikna skibert fekk den gleda av å sitte på nøtte- og saftstasjonen v/ Gunlatjødnå å møte over 80 blide, turglade menneske.  Det er jammen ikkje ofte ein går i Jøsnesheia, og faktisk ser folk på alle nutar samtidig, høyrer praten gå i løypa og møter folk undervegs.

Årets hovudpremiar, to fine knivar av Daniel Hjorteland, gjekk begge til Fosså:
Daniel Fossaa kom nærast den hemmelege idealtida på Hardhausen, litt over 6 timar
Unni Fossaa kom nærast den hemmelege idealtida p 3-nuts-turen, litt over 5 timar.

Elles fekk alle som deltok deltakarpremiar i form av koppar og buffar !!


"Team Bøen" var siste team ut og siste team inn....til gjengjeld gjekk de heilt heimefrå, via Foss, Fossstemmen, oppom 3 nutar og heilt heim igjen med DAGENS YNGSTE DELTAKAR: Elise Sværen Oaland 1.klasse. Bravo !! Storesøster Ida gjorde sjølvsagt òg ei god jobb, saman med alle dei andre fantastisk flinke og spreke barna som deltok!!! Me er imponerte av alle dei små beina som gjekk alle dei mange skritta opp og ned og opp og ned :-)

Det har vel knapt nokon gong vore så mykje folk i Jøsnesheia på ein dag nokon gong: heile 34 stk gjekk Hardhausen (4 høgaste nutane på Jøsneset), 48 stk gjekk dei 3 høgaste nutane), 4 gjekk 1 nut og nesten 30 besøkte Fosstemmen/Kalvagaren inkludert komitèen.  Wooouu !!!  Så flott at "Jøsnes-sola" då slo "knock-out" på yr.no-varselet, for det blei ein deilig, solrik vårdag frå topp til topp mellom Jøsenfjorden og Erfjord.

 Små oppmuntringar var det undervegs :-)

Gutta-boys på nøttestasjonen.

Helga med god drahjelp av Bonzo fullførte Hardhausen!!

3-nutstur er ca 1,9 mil, store høgdeforskjellar, 3 toppar 829, 719, 713
Hardhausen er ca 2,3 mil, store høgdeforskjellar; 4 toppar: dei tre ovanfor + 690 m.o.h



   Nedstrandsfjorden                                                         Foto: Jasin H Gbada

Den grøne Erfjorden                                                   Foto Jasin H Gbada


Hjelmelandsferja.......Ja, du tok deg vel tid til å sjå på dei flotte fjordane rundt deg......

........og å nyte det litla, nydelega under beina dine?




Ved Fosstemmen var det fyr på grillane og kaffe i kjelen heile dagen. Småbarnsfamiliar og andre tilbrakte dagen her; og her var det natursti for dei aller minste:


                                                       Foto Ingeborg Westersjø

Som premie for at desse flinke jenten kontant visste svaret på kven som er ordførar i Hjelmeland, og kva farge det er på Ole Brum sin genser med meir, så fekk de kvar sin såpeboblebeholdar.

Foto: der ikkje anna er oppgitt: Svanhild H Gbada

Kanskje du tok nokon bilder denne dagen??
Send de til oss, så finn du dei her !!

FaceBook
Facebook