1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Ei gladmelding frå fjoset på Bøen: Minni har fått tvillingar andre år på radSmileog det står bra til med "mor og barn" . Her kosar Bambi og Feline seg i garden saman med mor Minni.

 

"Minni er ei god ku" i følgje bonden sjølv, Silje Sværen. Minni er ei ekte Jøsnes-ku; født på garden i 2006, og sprang sjølv sine lette kalvebein over ekrene på Bøen. Sidan har ho kalva seks gonger, og altså: dei to siste åra har det blitt tvillingar av det !! Bra jobba Minni !


Bambi og Feline stavrar rund i garden med mor på lange tynne bein, og med sine store, runde brune bambi-auger, mjuke øyrer og runde mular, så er dei berre kanon-skjønne.
Her er førstemann kome til verden; heilt "ny-kalva". Dette var før Silje forstod; at jammen kjem det ein kalv til !!


Det er fleire kyr som har kalving på gang i fjoset til Silje for tida, så det er ei travel tid - midt oppi sauesanking, sauesortering og sending til slakt. Godt at det veks i kalvebingen då!!

Alle foto: Silje Sværen

NB: Har du ei lita fin kvardagshistorie som dette, eller andre tips til sida så send inn: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook
Facebook