Søndag 15 februar blir det Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Kulturhuset på Sand.

2-3 dagar før påmeldingsfrist er det kun to påmeldte innslag frå kommunane Suldal/Hjelmeland, og i begge innslaga stiller det spreke guttar frå Jøsneset.

Dei som er påmeldt er:

BANDS OF BROTHERS:
hard-rockband: Jone Hjorteland (13) vokalist saman med bandmedlemmer frå Hjelmeland.
Dette blir skikkeleg TRØKK ! Slik du aldri har sett ein jøsnesgutt før !
Jone "debuterte" som hard-rock-artist på revyscena på Ungdomsskulen før jul -
Det ga vist meirsmak, for nå trør han og bandet til igjen med høgt lydnivå og mykje energi! 

BANANA BODDES:
stand-up -komikk med/ Thomas Tjeltveit, Sondre Fosså og Jonas H Gbada - alle 13 år. 
Guttane sørger for manus og regi sjølv, og er nå inne øvingsfasen. Dei har òg litt scene-erfaring, både på revy her i bygda og frå ungdomsskulen. Trioen er førebels sparsame med å røpe innhald i innslaget.....men me veit at fantasien sprudle der i gården..så me satsar på det blir moro !

 images/JUL/Bilder/thomas.jpg
Thomas, her frå påskerevyen. Blir det svart bart på UKM mon??


Ta turen inn til Sand den 15 feb for å heie Jøsnes-gutta fram  !!

 

Facebook