1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Hausten er over oss med vakre fargar og flott vær - og det er jaktsesong både på elg, hjort, rådyr og  småvilt.images/JUL/Bilder/jakts.jpg

Hjort: det mest populære på Jøsneset ser ut til å vere jakt på hjort. I fjor blei det tildelt løyve på 50 hjortedyr , og heile 45 blei felt her på Jøsneset; ein fellingsprosent på heile 90 % ! For kommunen totalt blei det felt 104 hjort; så det betyr at nesten halvparten av all  hjort i kommunen i fjor, blei felt her på Jøsneset.  I år er det òg tildelt 50 dyr - så det blir spennande å sjå kor stor fellingsprosent det blir i år. Hjortejakta varer frå 10.09 til 15.11.


Elg
: i fjor blei det tildelt eitt elg-løyve på Jøsneset. Men elgen fekk visst sprada lykkeleg vidare, for i følge rapporteringssystemet ble det felt 0 stk elg her i fjor.   Men det er ny sjanse for i år - då er det òg tildelt løyve på ein elg. Totalt for kommunen ser det annaleis ut: det blei i fjor felt 20 elg av totalt 47 løyver.  Elgjakta varer frå 10.09 til 15.11.images/JUL/Bilder/jakts.jpg

 

Rådyr:  Rådyrstammen er vesentleg større. I fjor blei det tildelt heile 53 dyr - men kun 8 dyr blei rapportert inn (2 Skiftun, 3 Knutsvik og 3 Foss). Rapporteringssystemet for rådyr er litt annleis enn for hjort og elg, og difor er nok eigentleg fellingsprosenten vesentleg høgare enn det som kjem fram av statistikken (gjeld generelt). I år er det òg tildelt 53 rådyr. Rådyrjakta varer frå 25.09 og heilt fram til litla julafta 23.12.

 

Me ønskjer alle Jøsnes-jegrar lykke til med årets jakt. Men hugs å vere varsame !! Hausten er ei draumetid òg for turgåarar, soppsankarar, haustferieturistar og andre - så det kan vere mange som ferdast på tur i skog og hei nå.

images/JUL/Bilder/sopps.jpgOG PS:

Fine jakt-bilder mottas med takk !

FaceBook
Facebook