1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Laurdagsnatta var det fullmåne, midtsommar, skyfri himmel og utan eit vindpust.

........ei natt som skapt for vandring; her nesten ved Gunlaknaggen mot natthimmel i nord ca ved midnatt.


Den runde fullmånen dukkar opp i søraust, over Gunlatjødnå ca kl 00.15



Soloppgang frå Gunlanuten 04.26


Morgengry blåne bak blåne mot Suldal, ca kl 06.00.                                   

Alle foto: Svanhild H Gbada

----------------

Har du hatt deg ei fin sommartur?? Send oss dine bilder og ein liten "rapport", så legg me det ut her.


VI SKAL IKKJE SOVA BORT SUMARNATTA

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
|: under dei lauvtunge tre. :|

Då skal vi vandra isaman ute,
der blomar igraset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
|: som kruser med dogg vårt hår. :|

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag underbleikblå himlen
|: til fuglane lyfter veng. :|

Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
|: like til morgongry. :|

Aslaug L Lygre & Geirr Tveitt

FaceBook
Facebook