På sjølvaste julemorgon fekk Svanhild og Jakob (for det var berre dei som var oppe) i Skiftu ein majestetisk julegjest på besøk i hagen!! Det starta med at ein stor flokk måkar "faug som galne" nede ved sjøen...hm...kva går av dei?? Like etterpå kom ei diger HAVØRN og satte seg i tretoppen kun 15 m frå stoveglaset. Ho var nok på jakt etter ein liten måkefrokust, me lykkast ikkje denne dagen. Så ho satte seg og kvilte utanfor glaset vårt så lenge at me fekk studert, tatt bilder og filma gjesten. Deretter spreidde ho sitt ca 1,5 m lange vingespenn og segla elegant vidare forbi Kjerhammar og bort mot Knutsvik. Flott syn !!
Nytt frå Strandbuen
- Lossi, husflytting og stilfulle fotballspillere: Detter skjedde i 1990
- Gjentar suksessen med påskerebus på Jøssang – denne gangen kan du vinne premie
- Olav døydde brått – tilbake er ei dotter og bygd i sorg: – Han var ein original alle blei glade i
- Her er oversikten over årets påskekrim
- Mr. Ryfylke er 80 år
Majestetisk julegjest
- Detaljar