1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Hjelmelandsfjord sin siste dag på Skiftun kai - eigar av orginal Olga Hjorteland

I fredagens papirutgåve av Strandbuen kunne me lese om Ryfylkemuseet si digitale fotosamling som dei nå har lagt ut på nett. Her finn me òg mange fine bilde frå "gamle dar" frå Jøsneset.

Det er bilder heilt tilbake til 1800-talet, og òg av "nyare" dato; slik som her frå 1978 då Hjelmelandsfjord hadde sin siste tur innom Skiftun kai. Ein merkedag i Jøsneset si historie....rutebåttida var over!

Bildearkivet er enkelt å finne......Smile

Du kan gå inn via RYFYLKEMUSEET eller direkte til DIGITALT MUSEUM.

I søkefeltet kan du skrive inn Jøsneset, Knutsvik, Nesvik, Skiftun el.l, så får du opp litt ulike bilder. Eller søk på Hjelmeland så får du enda fleire, totalt er det 2300 bilder frå Hjelmeland.  Det er god informasjon om bildene; kven som eig de, når de er tatt, kor de er tatt og ev kva personar som er med på bildene.

Høying på Fosså, ca 1950, Eigar av orginal:Knut Tjeltveit
Høying på Fosså på 1950-talet. Trivslegt og sosialt.


Lokalhistorikar, Jøsnesbu og Ryfylkemusè-tilsette Trygve Brandal står sentralt i arbeidet med å gjere desse bildene digitalt tilgjengelege. Les meir om hans arbeid i papirutgåva i Standbuen 6.jan, eller på Ryfylkemuseet.

Brandal fortel at bildene blei lånt inn på 1980-talet av private eigarar, avfotograferte, og nå sidan digitalisert og katalogisert. Dette er eit flott lokalhistorisk arkiv !! Brandal  fortel òg at dei gjerne vil ha tilbakemeldingar på bildene som er lagt ut, og sjølvsagt ønskjer dei å få tilgang til fleire bilete til samlinga.

Skal me ta utfordringa folkens? Om du har gamle bilder frå "gamle dar" frå lokalmiljøet her som kan vere interessant for Ryfylkemuseet, så ta kontakt med dei.

Nesvikbøen: eigar av orginal Arne Wåland

Foto frå Nesvikbøen,som nå er ein sentral stad i Jøsnes-bygda - for nå ligg Nesvikbøen like ved RV13 og ferjekaien.
Lite visst vel skomakarbrødrene Martin og Jehans Nesvik (som m.a. er avbilda her) i 1910 (då bildet er tatt) kva for trafikk-knutepunkt dette vart 100 år seinareWink. Men me kjenner oss igjen, ikkje sant?

FaceBook
Facebook