1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Bente Tednes Gjil og Jarle Tednes er begge utflytta Jøsnesbuar: Men ein gong Jøsnesbu, alltid Jøsnesbu, tenkjer me. Så dei gode resultata deira frå Fisterløpet på Kristi Himmelfartsdag fortener sin plass på Jøsnessiå vårKiss

Bente sprang inn til ein klar seier i det 4,5 km lange løpet i dameklassen. I år stilde det uvanleg mange damer til start i dameklassen, og Bente låg blandt dei tre beste heile tida. I siste runde drog ho til og sprang frå dei to andre damene og spurta suverent i mål som nummer 1.

Jarle låg òg blandt dei 3-4 beste heile det lange 7,5 km lange løpet: han hadde nok noko hardare motstand mot tre drevne veteranar i front. Det såg lenge ut til at han kunne bli nummer 2 eller 3, men veteranane hadde mest trøkk på lur på slutten. Så ein fjerdeplass var supert.

Gratulerar til begge !

Det var to deltakarar til frå Jøsneset som stilde til start, og dermed fekk me ein løpar i kvar klasse .

Jasin Hjorteland Gbada sprang i juniorklassen (7-10klasse), og blei der nummer to.
Jakob Hjorteland Gbada sprang i miniklassen (opp til 6.klasse) og blei nummer 6.

Gratulerar til dei òg.

Fisterløpet hadde i år rekordstor deltaking, trass i det sure regnværet og dei sorpete løypene.
Ca 250 gjekk mosjonsløpet, og nærare 80 stilde til start i dei fire løpsklassane.
Så totalt sett blei det gode resulatat til dei fire jøsneskalvane.Kiss Resultatlistene finn du HER.

FaceBook
Facebook