1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


På Jøsneset er det mange fine turstiar, og mange av desse finn du samla i turstifoldaren vår HER. Men av og til kan det vere artig å ta andre turar, som hit til Hyestaden på Skiftufjellet, der det ila sommaren òg har kome fin benk med tilhøyrande bordKiss.

 

Hystaden ligg ca 100 m loddrett opp frå skuleplassen; på den ytterste, høgaste bergnabben med nydelige utsikt rett ned mot skulen og Skiftudalen, men òg over heile Ombofjorden og nordover Nedstrandsfjorden.

Det er berre fjellklatrarar og ørner som kan ta seg opp beine vegen frå skulen. Skal du besøke staden, må du gå opp skogsvegen frå opplagsplassen til Inge Torkel (i Asheimbakken). Ca halvvegs opp skogsvegen, på det brattaste partiet, er det ei lita grind ut i utmarka til høgre. Her er det ein ganske tydeleg sti, som går over heile Skiftunfjellet, og òg nedom til Hyestaden. Du kan gå vidare, og kome inn på stien til Håvehammar lengre nord på Skiftuheia. Stiane på Skiftuheia er ikkje merka, og det er ein del hjorta/saua-stiar, men hovudstien er temmeleg godt synleg i terrenget. Det er eit par ulendte, bratte parti og på sjølve Hyestaden er det "holante utføre" så det er ei føremon å ikkje ha altfor stor høgdeskrekkTongue out

Men nydelig utsikt er det på staden, og rett som det er kan ein òg møte på hjorten oppå herWink.....så kvifor ikkje prøve turen ?

FaceBook
Facebook