De hugsar kanskje historia om Amber Bog Bouzane og mor som fant trostereir i vegkanten tidlegare i vår. Amber har fulgt med på reiret heile forsommaren. Og her ser me at tre av dei fire blå egga har klekt ut.

 

Amber sjekka reiret på veg til og frå skulen.


Og her er dei tre troste-ungane blitt store, med svart fjærdrakt og snart flyveklare.

Plutselig ein dag Amber kom for å sjå om de, var alle fugleungane vekk - og det betyr nok at de var blitt så store at de hadde tatt vingene fatt. Og vips så var reiret tomt. Nå er nok trostane ute og kosar seg saman med alle dei andre trostane i bygda og smaskar i seg makkar og insekter - og kven veit, kanskje det er nettopp dei tre vennene til Amber du høyrer synge så flott frå tretoppane.Wink

Dette var ei koseleg lita historie frå kvardagen på Jøsneset.......send gjerne inn ei lita historie du òg !!

FaceBook
Facebook