Laurdag 6. august nærmer seg, og me er i innspurten til Smashing Jøsneset! 
For å gjennomføra konserten er me heilt avhengige av frivillige som tar i eit tak før, under og etter konserten. 
Kan du bidra?
RIGGING: FREDAG 5. AUGUST KL 16
NEDRIGG: SØNDAG 7. AUGUST KL 12
Kontakt Odd Fossaa tlf 97705273 eller send ei melding til Smashing Jøsneset på Facebook hvis du kan hjelpa til!

FaceBook

I samband med markeringa av Skiftun kai 100 er det òg gjenskapt ein møteplass i naturen - på Smidjehaugen i Norda Skiftun, med fin utsikt ned til Skiftun kai. Her ute på den markante haugen møttes naboar/bygdefolk før i gamle dagar då rutebåten kom inn; for å sjå, prate og få siste nytt. 

FaceBook

Godt og vel 120 stk fant vegen til Skiftun kai denne laurdagen - då feira me 100-årsjubileum.  Jøsneset Bygdaråd var vertskap, og leiar Oddvar Skiftun innleia med mimring om stemninga på kaien då rutebåten kom inn!  Dette var bygda sin møteplass nr 1 gjennom mange, mange tiår takka vere rutebåtane, butikken, posten - nå er funksjonane borte, men akkurat denne laurdagen var kaien igjen ein triveleg møteplass mellom by, land og nabobygder. Takk til alle som kom og kasta glans over dagen

FaceBook

Fredag blir det rigging av telt med meir på skuleplassen kl 17 og alle er velkomne på dugnad! Bli med og gjer klart konsert og fest på laurdag - og HUSK å bestilla billetter!

FaceBook

Kåre Tjeltveit var på heiatur i går mandag 15.07, og hang fra seg ein BLÅ NIKE-JAKKE på stikrysset til Valafjellet. Då han kom ned igjen var jakken borte. Sikkert nokon som fant den og tok den med ned til bygda. Han vil gjerne ha jakken tilbake . Kontaktinfo Kåre 416 94 513

FaceBook

Styrketrening i gymsalen med sommarvikaren Jone i kveld - tysdag kl 19.30.  Opent for alle - velkommen!
Satser på torsdagstrim òg som vanleg på torsdag 19.30

FaceBook

Eldfinn hadde tenkt seg til feiringa av bulyst-benkene på Håvehammar den 25.7.12, men han nådde ikkje å koma dessverre. Han hadde tenkt å gje oss ei gåve frå kommunen i høve denne "milepælen" i bulyst-arbeidet på Jøsneset. Denne har han no overrekt etterpå:

FaceBook


Årets "Skiftudal Open" blei avvikla i ganske så fint sommarvær, og òg i år gjekk den store pokalen til feriehuset på Skiftukaien til laget "Ivar og di" : Ivar frå Hinna til venste. "Og di" viste seg òg å vere drevne volleyballspelarar begge to: Jonas og Vilde frå Oslo. Me gratulerar dette unge laget som spelte godt gjennom heile turneringa og gjekk heilt til topps !!

FaceBook



Det er påmeldt 8 lag til årets volleyballturnering.  Heile kampoppsettet finn du HER.
Arrangementet opnar kl 12. Kampstart 12.15, og foregår både i ballbingen og inne i gymsalen.
Det er OPEN KAFÈ i Trivselstova heile dagen, med sal av kaffe, brus og kaker.
Ta turen oppom og hei fram ditt favorittlag !!!

FaceBook

Vel 25 stk møtte fram for å feire at vi har fått nye benker på turpostane våre. Vi feirte med brask og bram, helselaget spanderte flott marsipankake på oss og kaffi og saft var der og, arbeidsgruppa fekk informert litt om historikk og status på bulystprosjektet så langt. Det såg lenge spanande ut med været, men tilslutt veik skodde og regn og vi fekk 20 grader og sol, der var me heldige!!

 

Dei yngste benka seg fort på den nye benken..

FaceBook

hit for å finna info!

FaceBook

Mandag 5. juli hadde folk i hytter og hus, frå alle krikar og krokar i bygda, gått krokrygga over plen, grøfter og vegar for å samla inn brune, slimete kryp

FaceBook


De hugsar kanskje historia om Amber Bog Bouzane og mor som fant trostereir i vegkanten tidlegare i vår. Amber har fulgt med på reiret heile forsommaren. Og her ser me at tre av dei fire blå egga har klekt ut.

FaceBook


Vinnaren av fotokonkurransen "Min Jøsnessommar 2012" - er kåra: det blei LENE HJORTELAND med dette flotte stemningsbildet av Ombofjorden og Bandåsen hylla inn i fantastiske kveldsskyer.  Juryen, som er styret i Ungdomslaget, grunngir seieren med at dette er eit stemningsfullt bilde med flotte fargespel. Premien er ein 30x40 forstørring av bildet i lerret !! Me gratulerar Lene med seieren !

FaceBook

Er du lei av feite snegler som slimar seg over plenen, knaskar i seg salaten og blir fleire, større og eklare for kvar dag? Då har du sjansen til å gjera ein innsats for å bli kvitt styggedomen!

FaceBook

Ta fotoapparatet fatt og "skyt" laus - kanskje nettopp ditt bilde blir kåra til ÅRETS SOMMARFOTO FRÅ JØSNESET !!!

Me håpar jo på skyfri himmel, luftige svev og herlige badetemperaturar - slik som på dette bildet som vant vår fotokonkurransen for nokre år sidan. Men regnværsdagar og mørke skyer kan òg gi fine motiv.  Ta bilde av kva som helst; fiskefangsten, teltturen, terassekosen, godmaten, kosedyret, sommarantrekket.....ja, kva som helst så lenge det er relatert til JØSNESET og SOMMAR !!!

 

 

Jury for fotokonkurransen er Jøsneset Ungdomslag, som òg i år slår til med ein feiande flott fotorelatert premie til vinnaren !!! Send dine bilder til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. - fram til 1.sept Smile. Alle bilder vil bli lagt ut her på nettsida, og me reknar med at fotograf har avklart publisering med ev personar på bildet.

Foto: Lene Hjorteland av Jone i svevet

FaceBook

Lørdag 24 juli arrangerte Jøsneset Ungdomslag Rennebilløpet "Rally Monte Jøsneset 2011". Det var 8 flotte bilar som var med i løpet, men Runar Fossaa kjørte inn på raskast tid i begge omgangane og vart dermed suveren vinnar !! Gratulerar !!

 

Les referat og resultatliste frå løpet HER.

 


Klikk på "les meir" så finn du bilder av alle dei spreke deltakarane og dei enda sprekare bilane. God inspirasjon til neste års rally-løp !!

FaceBook


I dag var det ei enkel og stille minnemarkering for hendingane i Oslo og Utøya. På plenen nedanfor Branngarasjen/Skiftukrossen er det laga eit stort blomsterhjerte av kvite blomster. Ca 20-30 personar møtte opp, og la ned blomster inne i hjertet. 

Målet vårt bør vere å fylle heile hjertet med blomster !!

Heile samfunnet vårt er/har vore prega av dei tragiske hendingane, men nå er tida inne for å fylle opp alle tomme hjerter med blomster for håp, omtanke og framtidstru.
Heile Norge sier det med blomster nå ! Tips slektningar, venner og naboar om blomsterhjertet i hjertet av bygda vår ! Kom med din hjerteblomSmile

 

 

 

FaceBook

I respekt for dei berørte, savna og omkomne i Oslo og på Utøya blir det ei enkel minnemarkering òg på Jøsneset.

Oppmøte ved brannstasjonen ved Skiftunkrysset torsdag kl 18.00.

Dette blir ei enkel og spontant initiert markering utan program eller apellar. Men ta gjerne med blomster eller lys som me kan legge ned samen for å markere vår omtanke til dei etterlatte og håp for vår felles framtid.

FaceBook


Historia frå i fjor gjentok seg. Eiane-gjengen møtte Skiftu-gjengen i ein regnvåt volleyball-finale, og igjen var det Skiftugjengen som gjekk av med seieren! Heile 11 lag stilde til start i Skiftudal Open, og det var god innsats, bra publikumframmøte, super kafè og god stemning. Les alt om laga, resulatat og premieringa her.

FaceBook

  Nei, OJ-Events har ikkje lege på latsida etter "Skiftudal Open". Som etter alle store idrettsarrangement, må jo alle kampar og lag analyserast og granskast. Sikkert ikkje enkelt denne gongen, med slike "brokete" lag. Men nå er lista klar, og den er sett opp som resulata laga fekk i turneringa. Klikk HER.

PS: OJ meiner det ligg forbetringspotensiale i diverse lokale lag......og foreslår trening til hausten. Sikkert ikkje dumtTongue out....meir info følgjer til hausten.

FaceBook


Det bur kun eit titalls sjeler i Skiftudalen, men likevel var det orntlig "Vågenstemning" på "Skiftudal Open Volleyballturnering" som trakk til seg 14 lag med over 50 spelarar, og mykje publikum. Det blei spelt 51 kampar i det 5 timar lange arrangementet.

FaceBook

Her kjem fleire bilder frå Hardhausen 23.05.10 i år. Bilda er sendt inn av Ole Geir Åsland. Redaksjonen takkar for bidraget, og tek gjerne i mot fleire bilder eller historiar til nettsida vår!

 Varden på Røssenibben              Utsikt frå Røssenibben

 Ole Geir, Renate og Dakota.                     Utsikt frå Røssenibben

FaceBook



www.josneset.no : sida der ingenting er for smått.

Her er det difor enkelt å vere tipsar !!

FaceBook

Nok ein gong trør me til med "Min Jøsnes-sommar 2010"-fotokonkurranse:

 

 

 Ei veke etterat konkurransen starta, har me enda ikkje mottatt eitt einaste bilde......sjøv om ca 200 stk har lest artikkelen. Kom an folkens !!!

FaceBook

Etter to tap i fotballturneringa på Fister fredag kveld, var det klar for nye muligheiter for Jøsnes-teamet i dag, laurd 03.07.

FaceBook

 


NAV i samarbeid med Frivilligsentralen arrangerte aktivitetsdagar for dei flyktningane som er i introduksjonsprogrammet siste veka i juni. Første dag stod tur til Jøsneset på programmet.

FaceBook

Jøsneset møtte hard motstand i Hjelmelandsmeisterskapet i fotball fredag kveld:

To kampar, to tap.
3-0 mot Randøy og 2 - 0 mot Askvik.

Men laget er klar for nye driblingar i morgon, laurdag 03.07:

Første kamp mot Sterling kl 10.30.
Andre kamp mot Fister kl 12.00.

Om det skulle gå veldig bra, og de går vidare til finalen, så startar den kl 16.00.

FaceBook

 Jøsneset har nå stabla på beina eit 11-mannslag i fotball, saman med folk frå Jøsenfjorden og "hyttefolk". Nå er dei klare for kamp på Fister fredag 2.juli og lørd 3.juli. Bli med å HEI på de, vel !!!

FaceBook

Frå 27.07.09 til 28.07.09 vart det på eit døgn målt 91,5 mm nedbør på Åsland. På yr var det ikkje meldt om regn i det heile tatt, kanskje berre ei byge kl 12 dagen etter... så dette kom overraskande på folk flest, trur eg. På veg gjennom bygda dagen etter var det synlege og enorme skader etter regnet. Dersom folk har bilder og forteljingar om skadar regnet har påført, er det fint om de sender det inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. så kan me leggje det ut på sida her.

Lise Tjeltveit har sendt inn bilder frå Fossånå, ho skriv:

"Dei store vannmassane som kom sette og store spor her på Fossånå; det var vel vannskadar i kjellaren på tri av bolighusa, i tillegg til i ei hytte. Vegane hadde og fått store skadar - verst var det ned til "Snig" (nede ved sjøen), der nedre del av vegen er heilt spylt vekk (tilsvarande slik det såg ut i Nesvik), og nedover hagar, brygger og ut i sjøen."

Veien til Snik            snikvegen ned til "Snig"

fossånå           nausta på Fossånåbilda er tatt rundt naustet vårt

kjellerdøra til Rasin og Anne "På vindauget på døra viser det merkje etter kor høgt vatnet har stått.

Skadebegrensningsfirmaet som var her, anslo at det hadde vore omlag 7 cm vatn inne på golvene... Likevel var det andre som hadde hatt meir vatn innandørs... "

Her er nokre bidrag frå Espen Meling, med bilder frå Nesvik:

Naust i Nesvik           steinfrukt?

T.v: Vatnet har funne vegen gjennom naustet i Nesvik og grove ut heile grunnen. T.h: Er det slik man dyrkar steinfrukt? Pærehagen til Kornelius Nesvik såg slik ut etter regnværet.

 

Nesvikstranda                               sommarveret?

T.v: Det blir ei stund til badestranda i Nesvik blir som før! T.h: Dette bildet kan kanskje oppsummere hvor vi kan plassere ferieværet (juliværet)??                

FaceBook

images/JUL/Bilder/loppe1.jpg
Sist veke fekk me skriv i postkassane om "stor ståhei" på Jøsneset laurdag 18.07.
Og det blei det:

FaceBook

Har du følelsen av at josneset.no er inne i agurktida ??

Så hjelp oss.....TIPS OSS !!

Ingenting er for lite for denne nettsida - så lenge det har Jøsnesrelevans !!  Smått e godt.
Kanskje du har hatt ei rar, fin. moro, mystisk, våt, varm, humoristisk sommaroppleving??
Sett eller hørt noko spennande som du har lyst å dela med andre . TIPS OSS !!

Og hugs: me har sommarfoto-konkurranse.
Me har ikkje fått inn eit einaste bilde Tongue outTongue outTongue out- så her er vinnarsjansane store: send inn!!!
Juryen er klar og det blir premiering !!

FaceBook

Sommaren er her for fullt  - med sol frå klar himmel og temperaturar mellom 25-30 grader dag etter dag - då er det godt å få kjøla beina sine i sjøen. Der er det forresten òg temperaturar på over 20 grader - så eit bad anbefales på det varmaste (bokstaveleg talt) !!

images/fots.jpg
.

FaceBook

Sommaren er over oss for fullt - og FOR ein sommar !

images/JUL/Bilder/som6.jpg.jpg

Anten det er godvær eller ruskevær, om du er heime ved huset, ute på sjøen, høgt på heia eller flatar ut på stranda - så kan det vere moro å få inn bilder frå Jøsnes-sommaren 2008.  Send de i ein e-post til oss, så legg me de ut på denne sida.

Alle bidrag er med i loddtrekning på ein liten "premie". 

images/JUL/bilder/here1.jpg

FaceBook

Den siste tida har det vore strålande vær på Jøsneset. Og det medan mange har ferie! Badetemperaturen i Nesvik blei målt til 22 den 29.07.08. Då kan kven som helst kaste seg uti. Det er også meldt om 29 grader på land. Og natt til 30.07.08 var det tropenatt, iallefall på Åsland...

21 grader i vannet

...
FaceBook

Søndag 27.07.08 gjekk Eilef og Leif i 28 plussgrader te Herefjellet og merka løypa ferdig mellom Tausanibbå og Gauken og frå Asheimstemmen til Norda Høgaste. Dei sette og opp nokre skilt til. Så no skal det gå greit å finne fram. Det er og merka mellom Norda og søra høgaste. Snart skal stien over til Fossmarka også merkast opp og skiltast.

Utsikt over Foss frå Gauken Dette bildet er tatt frå Gauken på søndag 27.7.08. Ser heile Fossdalen derifrå!

FaceBook
Facebook