Fredag 19.02 hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte - umiddelbart etter Ryfylke Visegruppe-konserten. Me prøver å ha årsmøtet i samband med helger for å gjere det mulig for vekependlane ungdom å møte. Vidare prøver me å kombinere det med eit anna arrangement, for å gi folk to grunnar til å forlate heimen ei lita kveldstund. Denne strategien mislykkast totalt i årEmbarassed - kun tre stk møtte på årsmøtet !

Og som de ser på bildet nedanfor så var det "oldingane" i styret som møtte !!

Heldigvis takla me den store skuffelsen (det dårlege frammøtet) med stoisk ro - det må vere dei gode ungdomsminna og den lange livserfaringa som redda oss gjennom kveldenTongue out. Me gjennomførte årsmøtet med gode diskusjonar og stor slagkraft.Wink Året 2009 har trass alt vore eit spesielt år for laget; sceneutbygginga var vårt bidrag til bygda dette året: eit prosjekt som" kosta" laget ein god del arbeid og totalt over 350 000 kr. Ettersom frammøtet var som det var, tolkar styret det dithen at folk fleste er nøgde med resultatet.

Har du lyst å vite meir om kva me drøfta på årsmøtet? Referatet finn du HER.

NY LEIAR I JØSNESET UNGDOMSLAG ER ANNE HJORTELAND !!
JIPPI - ein skikkeleg UNGDOM !!

 

FaceBook
Facebook