Tirsdag 01.02 fekk me besøk av Jan Merland frå Vormedalen, og han lærte 10-15 Jøsnesbuar eitt og anna triks om skismøring

Skismøring er jo reine vitenskapen, og slår ein opp på feil nettsider om smøretips, så kan ein gå seg aldeles vill i teoriar, teknikkar og utstyr.

Jan er litt meir "nedpå" og svært praktisk retta, så dette passte godt for vårt jøsneske nivå.

I følge Jan, så er det to ting som er viktige med skismøring: 1) prøv deg fram om igjen og om igjen og 2) ikkje ha for mykje utstyr/smøring å velge i.

Eit anna viktig tips: smør tynt, og smør mange lag (eitt tjukkt lag forsvinn fort, mens 4 tynne lag sit på heile turen)

Dette MÅ du ha:

- SkiLaughing (ikkje smørefrie - "dei kasta eg til donders", sa Jan " lær deg heller enkle smøretips så får du meir skiglede"
- Glider: CH 10-glider voks
-Voks: Blå Extra V40, Lilla og Rød ( eller VR-serien: VR 45, VR 50 og VR 60)
-Klister: Swix VM Universal-klister, Rød KR 70-klister og Rossa Spesial
- Skirens: Swix Base Cleaner, flytende el på spray.
- Skiskrape og kork.

Dette BØØR du ha:
- Gammelt strykejern til å varme voksen/glideren med, og til å vokse det ned i skia med (obs: ikkje dampstrykejern)
- Fiberlene rensepapir: kan òg bruke fille eller tørkerull: men obs: renspapiret loer ikkje.
- Smørebord: veldig praktisk å få skru skia orntlig fast til arbeidsbordet, då får du gode arbeidsforhold
- Sikling: kan vere grei å ha viss du har oppskrapte ski som treng litt opprusting
- Sandpapir: fint 120
- Vaskepad: brukes etter skia er voksa med glider.

Du er klar for skitur, men påskeklisteret frå i fjor heng framleis på. Kva gjer du ??
Alltid eit godt tips å rense skia før du set dei på plass etter sesongen. Men kan òg gjerast like før første tur. Slik gjer du:
Rens skia godt med skirens. Få av all gammal klister og voks.

Glidesonene: Smelt inn glidervoks framme og bak. Viktig at det varme jernet alltid er i bevegelse. Ikkje hold det fast ned på skia - då kan du ødelegge den.
La voksen tørke inn 5-10 min. Etter at glideren har størkna godt, skraper du godt av: først på sidene og deretter under skia, og i sporet. Skrap reint til det nesten ikkje er meir igjen. Gli over skia mange strøk med ein vaskepad - då blir solen glatt og fin.
Å vokse inn glider fører både til at du bevarer skia bedre og at du får bedre glid. Det er smart å gjere dette 1-2 gonger i sesongen

Festesona: puss med fint sandpapir i festesona. Voks nedi eit tynt lag med Blå Voks m/ varmt strykejern. Puss over med vaskepaden.
Alltid godt tips å ha eit lag med Blå Voks i bunn på festesona; uansett kva du velg å smøre med på turen.

Og så står du der, på fjellet, og er klar for turen din. Kv gjer du nå?
Då må du alltid vurdere forholda på staden; dsv snøen og temperaturen.  Er det vann/fuktighet i snøen bruker du klister. Elles voks.
Viktig: smør tynt på. Heller mange lag, enn eitt tjukt.  Smør først på voksen i tynt lag, og deretter korker du ut smøringa med ein kork, smør deretter tynt lag med voks igjen osv 3-4 gonger. Les temperturskalaen utenpå boksen; og igjen PRØV DEG FRAM, og ikkje ta med haugar og lass av smøretypar. Hugs dei tre viktige.
Bruker du klister; så hold den varm inne i hendene el under jakken: elles er den vanskeleg å få gni utover. Ha alltid tynt lag på av denne òg, og gni det gjerne godt ut med varm håndflate. 

Håp for oppskrapte ski ??
Råd nr 1: pass godt på skia dine....ikkje gå over asfaltveger og grusplasser. De blir fort oppskrapte.
Har skaden skjedd, må du vurdere kva bruk du har for skia dine. Er du ski-fantom og går kun i preparerte løyper, er kanskje nye ski løysinga.
Men er du ein typisk turgåar i allslags terreng og føreforhold, så kan du gi dei gamle, slitne skia dine ein ny sjanse:

Rens de godt for gammal smøring.Skrap over hakk og skraper med ein sikling - då blir skrapene jamna ut. Dra siklingen over i jamne, kraftige tak i lengderetninga. Husk kantane: der kan det henge mykje "rusk" som striker når du går.  Puss over med sandpapir eller vaskepad, slik at du får vekk all smårusk. Deretter legg du på glider på vanleg måte, gjerne x 2. Så pusser du ned festesona, og voksar inn blå voks.

 

Takk til Jan for ein konstruktiv og nyttig kveld...Jan ville slettes ikkje ha betaling, så det "einaste" han fekk med seg heim til Vormedalen etter denne kvelden var 5 liter Jøsnesk Eplesaft....gir nok god energi til lange skiturar, JanSmile

GOD SKITUR !!

 

FaceBook
Facebook