I eit av klasseromma på skulen er det innreda ei koseleg stove med bøker, filmar, lydbøker og spel. Dersom du vil låne bøker, blad, film eller lydbok er du hjarteleg velkommen! Det går og an å treffast for å spela spel eller ta ein kaffikopp medan du tek ein lesepause i sofaen

 

 

Det er opent kvar første onsdag i månaden frå 18:00 til 19:30, altså denne hausten 6/9, 3/10, 7/11 og 5/12

Det er mogleg å komme inn til andre tider og dersom du ønskjer det. Det må vere ein vaksen som har ansvaret. Du kan ringe Marit Wyller (90537548), eventuelt Svanhild Hjorteland (90506388) eller Unni Fossaa (40394743) for å låne nøkkel.

Velkommen!

FaceBook
Facebook