1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

I dag byrja 7 staute Jøsnes-guttar på Hjelmeland Ungdomsskule !  Me undrast på om ikkje dette er eit historisk stort kull frå Jøsneset ? - iallefall beståande av berre gutar ?  Me må vel mange år tilbake i tid for å finne tilsvarande mange?  Me utfordrar våre lesarar: veit de om eit tilsvarande stort kull frå bygda - så send oss eit tips ! Kva årskull har Jøsnes-rekorden?images/JUL/Bilder/ung1s.jpg

Dei 7 guttane Joachim, Thomas, Trond, Sondre, Eirik,Jonas og Jone er ein kjekk og initiativrik gjeng, som har gått i lag heilt frå barnehagetida.

Dei har satt sitt friske preg på bygda i fleire år alt:

Kven hugsar vel ikkje den spontane basaren dei drog heile bygda med på, til inntekt for tsunami-ofra? 

Og alle fotballkampane dei har kjempa på 17-mai ? - og mange seirar har dei dratt i land!

Og alle dei morsomme og rørande innslaga på diverse skulearrangement og bygdakveldar opp gjennom åra !

For ikkje å snakke om eigenkomponerte innslag til påskerevyar !

Dei er òg stødige og flittige deltakarar på diverse arrangement i bygda, og arrangerer sjølv av og til turar i lag (som "villmarksturen" oppe i buhagen til Thomas (sjå foto).  

Trass i at dei nå dreg over fjorden på skule, så håpar me å sjå guttane ofte i lag med oss her i bygda òg ! Me tipper at dei blir savna her på Jøsneset skule - både blandt store og små. Og kjenner me dei rett så set dei sitt friske preg òg på ungdomsskulemiljøet på Hjelmeland !

images/JUL/Bilder/ung3s.jpg                     images/JUL/Bilder/ung2s.jpg

Me ønskjer guttane lykke til på Ungdomsskulen !    images/JUL/Bilder/ung4s.jpg

FaceBook
Facebook