1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Hjelmeland Hagelag valde torsdag denne veka å leggje Hagelagsmøtet sitt til Jøsneset, og det blei full klaff med 25 frammøtte både frå Jøsneset og andre bygdar.
  

Temaet var miljøvennleg/økologisk hagebruk, og Ingvald Erga frå Jæren hadde eit engasjert og godt innlegg.

Erga er miljørådgjevar i Grønn Hverdag i Stavanger, men driv òg Erga gard på Jæren. Frå eige bruk har han gjort seg masse erfaringar kring temaet; og driv mellom anna grønsakdyrking.  Erga er oppteken av samanhengane både globalt og lokalt, og var inne på at dei små bidraga kvar enkelt hageeigar gjer, er viktig i den store samanhengen. Han er òg svært oppteken av gleda det er å dyrke sine eigne planter, ikkje minst nytteplanter som urter og grønnsaker. Gleda av å ete sitt eige eple og si eiga tomat er viktige verdiar i livet. Han ga masse enkle og nyttige tips om miljøvennleg hagebruk; td jorddekking for å oppnå betre jordklima, samplanting for at plantene skal dra nytte av ulike eigenskapar, bruk av kompost, oppbygging av bed for å halde på jordvarmen osv osv.

 
Etter innlegget blei det servert kaffe og gode kaker. Tore Sandvik orienterte om Hagelaget sentralt og lokalt, og ønskjer seg fleire medlemmer frå Jøsneset :-) Hagelaget har i år 30-års jubileum, og i mai blir det difor stor fest på Samfunnshuset.

Ønskjer du å bli medlem, kan du ta kontakt med Tore Sandvik eller "vår eiga" Elsa Nesvik Altamirano, som òg er med i styret nå. Ein kan òg ta direkte kontakt med Hageselskapet sentralt.

Tore og Elsa hadde òg masse fine blomar dei lodda ut denne kvelden. Åresalget såg ut til å gå godt, og mange nøgde vinnarar tusla heim med ein fin ildtopp eller kalia under armen.

Takk til Hagelaget for ein fin hagekveld. Nå gledar me oss til vårenLaughing

FaceBook
Facebook