Gapahuken ved Fosstemmen er eit populært turmål, og fasilitetene der er til allmenn bruk. Då er det viktig at alle forlet staden slik dei ønsker å finna den! Det er ikkje kjekt å starta rastepausen med å rydda søppel!

 Bygdarådet vil oppmoda alle som bruker området om å

- rydda opp etter seg og ta med alt søppel

- visa fornuft ved bruk av eld

- tørka over benker/bord som har blitt tilskitna

Kanoane "Kalven" og "Kviga" som ligg ved Kalvagaren (rød og grønn kano) kan fritt brukast, men Bygdarådet ber alle om å huska å

- dra kanoane godt opp på land etter bruk

- snu kanoane med botnen opp

- legga årene inn under båtane

Bruk av kanoane skjer på eige ansvar, og Bygdarådet oppmoder alle til å bruka redningsvest!

 

Dersom nokon er uheldige og øydelegg noko, eller dersom nokon legg merke til skader på Kalvagaren, kanoane eller området rundt, vennligst kontakt Bygdarådet;

Unni tlf 40394743 eller Rasin tlf 41419313

FaceBook
Facebook