Vel, det er jo sjelden me er TUSEN når noko skjer her på Jøsneset, og heller var det vel ikkje TUSEN julelys som blei tent. Men denne gongen var me i alle fall godt over 30 store og små som samlast til fakkeltog, juletretenning, sang/gang rundt treet, underhaldning på utescenen og grøt og gløgg i Trivselestova.


Det var såpass trengsel rundt treet foran branngarasjen at me måtte ha to ringar !  God julegrøt venta i Trivselstova og det smaka godt med varm gløgg etter vandringa ute.  Triveleg arrangement som blei toppa med underhaldning frå utescenen, sjå eigen artikkel.

Arr: Bygdarådet

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada

FaceBook
Facebook