images/JUL/avsl.jpg

Onsdags-kveld den 17.06 var det ein kjekk avslutningskveld for skuleåret 08/09, og bygdefolket var invitert.

Det blei ei kosestund med fleire ulike innslag frå småskulen, storskulen og kulturskulen; både dans, song, fløyte-og gitarspel mm og ikkje minst snåle power-point-presentasjonar om sjøprosjektet i Nesvik og storskuletur til Sandvikneset - flott!

Skuleåret blei avslutta - men ei ny tid blei påbegynt så smått denne kvelden. Det var nemleg "elddåpen" til den nye scenen !! Den er nå ferdig bygd, og blei tatt i bruk for første gong denne kvelden. Endeleg fekk publikum både sjå og høyra barna orntlig - det fortjener dei !!   Scenen er ikkje heilt komplett på utstyrsfronten, men det jobbast vidare med kopling og montering - og snart er alt komplett. 

Heile bygda blir invitert til skikkeleg opningsfest for scenen  laurdag 12. sept - så set av dagen alt nå !!

FaceBook
Facebook