Og for ei feiande flott "reise" det blei på bygdekvelden som skulen skipa til den 14.11 ! "Reiseleiaren", som var den svært så geografi-kyndige Trond Brandal, geleida oss trygt med på ei spanande "reise" gjennom 12 land i alle verdsdelar. På ein artig og variert måte gav elevflokken oss eit lite innblikk i dei ulike landa sine kulturelle og geografiske særpreg. Virkemidla var masse song, musikk, rollespel, og ikkje minst knallartige power-point-presentasjonar.

På den opplevingsrike "reisa" møtte me skotsk folkedans, engelsk fotballsong, argentinsk te-sermoni og litauisk eventyr. Det var stort spenn i dei mange innslaga; frå svingande mexicansk dans med fullt trøkk, innom humørfylte sketsjar - og til vakker, stemningsfull kinesisk musikk og dans (imponerande framført av 1 og 2 klassingane!).

Elevane gav uttrykk for at dei likte seg på "reisa", og deira engasjement og smil smitta over på dei mange frammøtte i salen. Her er det mange ulike talent som spirer.
Den dyktige lærarstaben skal òg ha ros for å klare å skape ein artig og svært innhaldsrik regi på det heile.

Elevane ønskte velkommen på mange ulike språk. Så då får me som var i salen avslutte med:
Takk. 谢 谢 Thank you. Merci. Danke. شُكْ. Grazias.

Og det same kan seiast til alle foreldra, som saman klarte å skape eit variert og spanande matbord med både norske og internasjonale rettar !

FaceBook
Facebook