Elevane på Jøsneset skule hadde ein travel dag i dag: dei skulle vere kokkar, vertar og underhalderar for Eldretreffen.  Dette er etterkvart blitt eit årvisst arrangement for skulen, og tru om ikkje dette er like populært både for dei eldre og dei yngre.



Ein slik dag blir ein kunnskapsrik dag; på meir enn berre ein måte. Det er ikkje berre sjølve matlaginga som blir "sett på prøve".  Nei, elevane lærer seg heile prosessen om det å vere ein god vert: frå første førebuing til siste oppvask. Nokre måtte brette serviettar og dekke fint bord, andre måtte skrelle poteter og gulerøter, passe på grytene og røre i kjøttkakegryta.



  

Så var det sjølvsagt å sørge for servering og sende rundt fata og sjå til at alle i den eldre garde fekk nok mat.

Heldigvis fekk òg dei flinke skuleelvane setje seg til bords og nyte den gode kjøttkakemiddagen saman med gjestene.
        

Undervegs i middagen blei det òg kulturinnslag; både song, fele-, fløyte og gitarspel stod på programmet - dette var det småskulen som stod for /elevar i kulturskulen.  Dei hadde eit lydhørt publikumSmile

Etter at middagen og kulturinnslaga var "fortært" blei det deilig daimkake og kaffe .

Deretter måtte det ryddast og vaskast opp - og denne jobben var det òg sjølvsagt den flinke storskulegjengen som tok seg av.

Supert at skulen held fram med denne koselege tradisjonen - ein god dag for alle generasjonar Smile

FaceBook
Facebook