Senterpartiet inviterte til ope debattmøte for folk i bygdene Jøsenfjorden og Jøsneset mandag kveld.  Over 20 stk møtte opp på Fjordahuset i Jøsen-fjorden til debatt om utvikling av bygdene våre, derav 4 frå Jøsneset.

Ikkje uventa vart det meinings-utveksling om den pågåande saken om nedlegging av Jøsenfjorden skule og ev samkjøring med Jøsneset skule. Oppvekstutvalet har behandla saka som "hastesak", og den går vidare til kommunestyret onsdag. Deretter vil det òg kome ei meir heilheitleg sak der heile skule-og barnehagestrukturen skal gjennomgåast; deriblandt framtida for skule på nordsida av fjorden. Men òg andre viktige saker for våre bygder blei drøfta; som t.d ferjetider, veg/infrastruktur/nettutbygging, genrell insparing på skule og helse og omsorg med meir.

Noko for andre parti å satse på òg?? Å kome seg ut i bygdene å møte folk, og høyre kva bygdefolket er opptekne av.........

FaceBook
Facebook