Flott nut-tur i Jøsnesheia søndag 09.08.09.

Idealtidene var: På Hardhausen 7 t og 24 min.
På 3-nuts turen 5 t og 41 min.
Sjå også resultatliste i menyen til høgre.

 vinnar av 3-nuts-tur
Vinnar av 3-nuts-tur Ove Solberg frå Fister!

hardhausen
Hardhausen Svanhild Gbada!   

30 stk deltok på turen i dag! I tillegg var det fleire i komiteen som var med, deriblant dei to harane som gjekk turen på fredag for å finne idealtida. Dei hadde i tillegg saft- og nøttestasjon oppe ved Gunlanuten i dag. Komiteen er i allefall kjempefornøyd med at vi fekk 30 stk til å benytte seg av dei flotte Jøsnesheiane våre i dag! Været blei heller ikkje verst. Var ein del skodde frå morgonene av, men den letta ut over dagen. Då blei det ikkje så varmt å gå turen, som det ville blitt dersom det var full sol. Så vart det sol og fint til vi skulle grille og hadde premieutdeling ved Fosstemmen. Alle som fullførte fekk deltakarkrus. Det sto første gong på kruset, slik at det ligg då i korta at vi vil prøve å få til ein slik dag neste år også. 

Premien var ein flott, håndlaga kniv, laga av Daniel Hjorteland.

klar for tur                        turdeltakarar

klar for tur!                                                              Turdeltakarar

 tid: 3 t og 30 min!

Eilef kom fort tilbake! Han var innom alle 4 toppane på 3 t og 30 min!!

  

FaceBook
Facebook