1.pinsedag 2018 var historisk - deltakinga på Hardhausen 2018 var dobbel så stor som det har vore tidlegare. Totalt var det nesten 200 innom Fosstemmen, derav 97 som gjekk 4 nutar og blei Hardhausar, og 70 stk som gjekk 1-2-3 nutar.   Turbøkene frå toppane NordaHøgaste, Gunlanuten, Røssenibben og Valafjellet er historisk og festlig lesing. Aldri nokon sinne har så mange vandra i heia vår på ein og samme dag - i solskinnet. Og det var fantastisk mange spreke barn som sprang avgårde på små bein eller sat i bæremeis som fekk oppleva heia denne dagen - som her på bildet ein barneflokk på Gunlanuten (foto: Lene Hjorteland)

Les meir om arrangementet på vår Facebookside, eller på nettsida til TURANBEFALINGER

Årets Hardhaus 2018 blei Sylvia Frafjord frå Erfjord, ho fekk ein CRAFT bærebag sponsa av Fredriksen Silketrykk.  DELTAKARLISTA HARDHAUSEN

Årets 3-nutsvinnar blei Andor Tennøy, Stavanger, han fekk ein CRAFT ryggsekk sponsa av Fredriksen Silketrykk.  DELTAKARLISTA 3-NUTSTUR 
I lista for 3-nutstur står òg ein del som berre gjekk 1 eller 2 nutar òg.  For veldig mange, ikkje minst dei små, er det ein stor prestasjon berre å gå til ein av nutane, og me syns det er kjekt at alle er på listene.

Ev feil i listene meldes til 97007636

Det blei delt ut godt over 90 1.gongs-krus til alle som deltok på arrangementet for 1. gong.



TAKK TIL STORE OG SMÅ DELTAKARAR !!
TAKK TIL ALLE FRIVILLIGE !
TAKK TIL RØDE KORS som var på vakt både ute i løypene og nede i bygda - Jippi: Null skader !
TAKK TIL TURANBEFALINGER v/Arnt Ove Skogly for blesting og gode ord
TAKK TIL VÅRE SPONSORAR : HJELMELAND SPAREBANK, ENKEL BYGG OG BUTIKK, FREDRIKSEN SILKETRYKK

 

Arrangør Jøsneset Helselag


 

FaceBook
Facebook