Juryen i Jøsneset Helselag har jobba på sprengwinkog her er vinnar av årets  HARDHAUS-SELFIE :  Ronja (12) på toppen av Valafjell. Ronja gjekk i lag med far (som våga å stikka mobilen ut av lommen å få iskalde hender for å ta dette bildet), og her på toppen møtte de Therese Svihus, som blei med på selfien ! Friske, flotte og sosiale - med rekruttering i rekkene - det er slik me vil ha Hardhausane på Jøsneset !  Fotograf Eilef Foss får dermed premien: GRATIS DELTAKING PÅ NESTE ÅRS HARDHAUSEN!  Therese og Ronja får takk for flott bidrag ! Sjå alle dei andre friske, rare, herlige, sprøe Hardhaus-selfiane:

Arrangøren oppmoda deltakarane om å sende inn selfiar frå vandringa. Lite ante ein då om kor vanskelege forholda skulle bli. Det frista nok svært lite å ta opp mobilkameraet i ausande regn med stivfrosne fingrar. Men likevel fekk me inn masse fine bidrag !! Nokon fekk pittelitt hjelp (ikkje 100% eigenholdt selfie), men alle er med på å skildre dagen i heia på ein finfin måte.

Denne selfien scora òg høgt,  og slik ser ein ekte Hardhaus ut - Rick Andre Opedal har deltatt alle 11.gongene, og me trur han kan bekrefte at denne gongen var det ein av dei værste gongene - her på det høgaste punktet i løypa, Gunlanuten 829 moh.

 

 


Steinar Frønsdal og mor Torborg Kleppa òg på toppen av Valafjellet.....kva dei pittelitt anstrengte smila skyldast?....vel me tipper det prega av været !


Therese Svihus kom heilt frå Stavanger for å gå Hardhausen, så bedre deltakar kan me ikkje tenka oss. Ho starta aleine frå Åsland gjekk Norda Høgaste og vidare, fekk etterkvart lag med lokalkjendte Roald Jensen på resten av nutane - Det er bra ! I slikt ufyselig vær som denne, likar me regelen "stick together"!  Her er de i mål ved Fosstemmen . Kliss klass !!

 


Steinar og mor igjen - her på Gunlanuten.....framleis litt skeptiske på om mobilkameraet toler slikt vær - og stadig våtare !

Therese Svihus er visst òg litt skeptisk til værforholda for mobilkameraet !

 

SIlje Sværen og Øyvind Oaland var stadig litt spente på kor de var - og når og kor toppen dukka opp - men det stod Valafjellet på skiltet, så då var det vel det wink

 

Jonas Hjorteland Gbada starta sist, men sprang visst fortast i år, 3,5 t på alle 4 - og var dyktig sliten og klissande våt då han kom i mål ved Fosstemmen.

  


Sauebonden Sven Westersjø var "stucked" på basen ved Fosstemmen heile dagen, og han tenker visst: Ingen dag uten sauwink  Sauene måtte for øvrig vike plassen for Hardhausen-gjengen denne dagen!

Vel så hølja regnet ned denne dagen. Men var det òg snø i lufta?? Nei, det var bare karane som prøvde seg på litt popcorn-popping.  Brahim Gbada var med som bålfyrar og kaffekokar delar av dagen.

 


Team Myklebust og Hovda likte seg veeldig godt rundt glørne etterpå !


Dette er òg ein orntlig Hardhaus som har deltatt alle 11 gongene, Roald Jensen - og han går som regel dei 3 nutane Gunlanuten, Røssenibben og Valafjell. Denne dagen trur me verkeleg at det lokale stadnamnet PESEKLEIVÅ levde opp til sitt namn !!


Roald Jensen og Therese Svihus møtte òg oppi denne lokale karen: Inge Torkel Skiftun, som deltok for 1o.gong dette året.  Bildet illustrerer veldig godt kor sure forholda var undervegs


Ronja og far Eilef på toppen av Norda Høgaste; dette var første toppen, og enda er de ikkje blitt heilt klissvåte

-------
Igjen: me takkar alle deltakarar, og alle som har sendt inn selfiar. På den måten får alle godt inntrykk av kor surt og grått det var undervegs denne dagen !


Set av 1.pinsedag 2020 - då satsar me på stråande sol og nytt arrangement !!

Me sluttar av med eit foto som ikkje er selfie, men som er det einaste bildet Ellen Mari på jødekake/nøttestasjonen Gunlabu orka å ta, og av og til kan bilder seie meir enn ord:sealedsealed

 

FaceBook
Facebook