Årets "Skiftudal Open" blei avvikla i ganske så fint sommarvær, og òg i år gjekk den store pokalen til feriehuset på Skiftukaien til laget "Ivar og di" : Ivar frå Hinna til venste. "Og di" viste seg òg å vere drevne volleyballspelarar begge to: Jonas og Vilde frå Oslo. Me gratulerar dette unge laget som spelte godt gjennom heile turneringa og gjekk heilt til topps !!


2.plassen gjekk til dei med litt meir erfaring og tyngde: nemlig "Juniorveteranane" som var ein "generasjon høgare" enn vinnarlaget:  Vidar frå Hinna, Sigmund og Lone frå Oslo og Jostein frå sjølvaste SkiftudalenWink. Dei spelte jamnt godt gjennom heile turneringa, men alderdommen måtte nok sjå seg tapt av ungdommen i finalekampenKiss

 


Kampen og bronseplassen blei kanskje det aller mest spanande: "Jone m.m." mot "Playa del Skiftu".  Jone frå Skiftudal hadde med seg "m.m" som eigentleg er 3 fotballspelarar frå Staal, men som òg viste seg å vere svært flinke på volleyball. Dei beit knakande godt frå seg.  Dei låg under med mange poeng i bronsekampen, men trur du ikkje dei klarte å snu kampen i "ellevte time" og drog i land seieren med eitt poeng og fekk ein flott 3.plass.  "Playa del Skiftu" bestod av Ola og Jarle (arrangørane) + Anne og Terje.


Her er det Nesviklaget "Mandius" som kjempar mot "Jone mm"

 


Laget "Jøsneset United" klar for mottak.


Igjen "Jøsneset United" , her i kamp mot "Playa del Skiftu". Lene Hjorteland (her til høgre) på "Jøsneset United" blei kåra til årets MVP (most valuable player) fordi ho stilte for laget (som plutselig stod utan nok spelarar pga sjukdom) kun ein halv-time før kampstart !! laget gjorde ein flott innsats.


Me hadde store forventningar til "Eiane Eagles" som i tidlegare turneringar kjempa i finalen. I år rakk det ikkje heilt opp, heller ikkje til semifinalar.
Neste år er dei nok "på vingene" igjenWink


"Porsberg Smashers"


Ivar server


Nettkamp mellom "Playa del Skiftu" og "Juniorveteranane"

 


Men kva hadde vel turneringa vore utan eit stødig sekreteriat ?? Desse to karane heldt styr på poenga under heile turneringa: ein viktig og krevande jobbSmile...men blei godt belønna i form av gratis cola, boller og sjokoladekakerWink


...og stødige dommarar gjorde òg ein viktig jobb

 

Ja, og kva hadde turneringa vore utan eit flott publikum??



Litt å finne på for dei som ikkje ville sjå alle kampane òg !

 

Og kva hadde vel turneringa vore utan stødige arrangørar? Nok ein gong TAKK til Ola og Jarle i OJ EventSmile...dei lovar det blir "Skiftudalen Open" òg i 2013!!

 

Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada og Edvard Vigesdal.

FaceBook
Facebook